Randi Elisabeth Vaula i Eltarvåg velforening.

RENNESØY:

Det stadfestar Randi Vaula, leiar i Eltarvåg velforening til Øyposten.,

Dei to foreslåtte traseane over Rennesøy går entren rett gjennom eller like ved det "utvalgte kulturlandskapet" i  Austbøheia med mange truga og sjeldne vekster, kor fem av dei ikkje er funne nokon annan stad i landet. Det eine alternativet går ogsålike i nærheten av boligområdet i Eltarvåg.

Eltarvåg velforening, Rennaren velforening som reporesenterer hytteeigarar i området pluss bønder skulle samlast onsdag kveld for å bli einige om ein felles strategi. Men konklusjonen var temmeleg klar på førehand: Kraftlinja må leggjast i kabel, enten i sjøen eller over land.

-Det vil bli eit voldsomt inngrep i naturen vis det blir bygd luftspenn, meiner Vaula.

Ho viser til at landskapet i Austbøheia, er eit av 46 utvalde kulturlandskap i landet. Dette er særleg verdifulle kulturlandskap av nasjonal verdi.

Bruk av Stavangers overskot

-Det er funne 480 ulike planteartar i området, mange av dei er trua og sjeldne og fem av dei er planter som det ikkje er funne andre stader i landet, seier Vaula, som også er uroleg for stråling viss kraftlinja blir lagt i nærheten av boligfeltet i Eltarvåg.

-Lyse-selskapet Lnett hevdar at det blir 3-5 ganger dyrare å grava kabelen ned i jorda, og dobbelt så dyrt å leggja han i sjø. Kven skal betala det?

-Det må sjølvsagt bli ein diskusjon. Men me fekk nettopp melding om at Stavanger går med nesten ein milliard i overskot, og ein del av dei pengane kjem nettopp frå Lyse. Det er difor naturleg at både kommunen tar sin del og at resten blir dekka av nettleia for abonnentane i området. Dette er pengar som kommunen vil få tilbake i form av overskot i Lyse, meiner ho.

Ho peikar også på ein mulighet i å kombinera bygging av den planlagde gang- og sykkelvegen frå Eltarvåg til Hanasand med legging av kabel.

-Me må for alt i verda unngå splittelse og splid ved at naboar står mot naboar i denne saka, seier Randi Vaula.

Finnøy Bondelag vil ha øya linjefri

Heller ikkje finnøybuen vil ha luftspenn. Då Finnøy bondelag inviterte til møte tysdag kveld, var engasjementet stor. Resultatet blei eit samstemt krav om at den nye kraftforbindelsen må gravast ned eller leggjast i sjø.

Erik Bleie er leiar i Finnøy Bondelag

Det opplyser leiaren i bondelaget, Erik H. Bleie, til Øyposten.

-Oppfatninga er heilt klar, den nye kraftforsyninga må gå i kabel enten i sjøen eller gravast ned viss ho skal gå over land, opplyser Bleie.

-Det er fleire årsaker til at me vil ha denne løysinga, mellom anna dei store naturinnngrepa ei luftlinje vil bety. Dessutan vil det binda mykje areal for bøndene i forhold til spreieareal, meiner bondelagsleiaren.

Skal stå i generasjonar

Finnøy-bøndene meiner også at dette er ei investering som skal stå i fleire generasjonar, og at det difor er viktig å tenkja langsiktig. Når det gjeld kven som skal betala for ekstrakostnaden med å grava ned kabelen, meiner bondelaget at utbygging av kraftforsyninga er ein del av samfunnet sin infrastruktur, og at det dermed er ein kostnad som samfunnet må ta. Det vil ikkje vera rett å leggja det på nettleia.

-Det kan også godt tenkjast ei løysing med å kombinera prosjektet med gang- og sykkelveg mellom  Judaberg og Ladstein, meiner Bleie, som legg til at saka vil bli diskutert med dei andre bondelaga i kommunen.