Statens forhandlingsleiar Vill Søyland la fram statens tilbud i jordbruksoppgjeret i dag.

LANDBRUK: Tilbudet ikluderer det bøndene kan ta ut frå marknanden. Ifølge bondelaget sitt reknestykke, er tilbudet på 8,9 milliardar kroner. Tilbudet inneber også at inntektsgapet i forhold til andre grupper blir tetta med 30.000 kroner. Bøndene skal også få kompensert kostnadsveksten fullt ut.,

Bøndene krav var på 11,5 milliardar.

Ifølge leiaren i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, er tilbudet eit godt utgangspunkt for vidare forhandlingar.

-Statens tilbud kjem oss i møte når det gjeld kostnadsveksten, som har vore heilt utan sidestykke. Men avstanden er størst når det gjeld tetting av inntektsgapet, seier Gimming.

Bondeorganisasjonane kravde ein snuoperasjon, som innebar 100.000 kroner i inntektsvekst for å tetta gapet til andre grupper. Statens tilbud er på 30.000 kroner.

Tilbudet legger opp til auka målprisar for melk, korn, poteter og grønt.