FINNØY: Første kurskveld blir på Innbyggartorget på Finnøy 31. august.

-Det er for å kunna avlasta pårørande eller vera til stades ved dødsleiet for dei som ikkje har sine nærmaste rundt seg, seier Ragnhild Valand, Bjørg Vestbø og Heidi Bø Sangedal.

Valand og Sangedal representerer frivilligsentralane i Finnøy og Rennesøy, medan Bø Sangedal er dagleg leiar for kyrkja i Finnøy.

-Er det eit stort behov for frivillige til å vaka?

-Det vil variera, dei fleste pårørande ynskjer å vera saman med den døyande på dødsleiet. Men av og til kan det vera behov for at andre stepper inn. Då er det bra at Røde Kors arrangerer dette kurset for å få ei innføring i kva vaketenesta går ut på, seier dei tre.

Røde Kors har også inngått ein samarbeidsavtale med sjukeheimane på Finnøy og Rennesøy om å tilby vaketeneste.

-Det er i alle fall eit tilbud som folk kan nytta seg av, avsluttar dei.