10 grader tysdag morgon!

Men det er heldigvis forbigåande.

Blir det sommaranes kaldaste i morgon? Meteorologane lovar betring inn imot helga.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

Allereie onsdag blir det betydeleg finare og varmare.

Det kalde vêret skuldast eit lågtrykk med skyer, regn og sterk vind som kjem innover oss i morgon. Vinden kan komma opp i sterk kuling i fjellet og på kysten. Temperaturen blir på det lågaste 10 grader.

Onsdag beveger lågtrykket seg nordover og det blir lettare og temperaturen kan komma opp i 15 grader.

Fin helg

På torsdag blir det endå betre for då kjem det inn eit høgtrykk som blir liggande heilt til søndag. Torsdag og fredag blir det 20 gradere eller kanskje endå høgare. Sundag er det meldt regn og kaldare. Men allereie på måndag kjem godvêret tilbake med sol og gode temperaturar som skal halda seg utover i veka.

– Prognosane for neste veke er litt meir usikre, men det ser slett ikkje verst ut, seier statsmetreolog Lars Andreas Selberg ved Vervarslinga på Vestlandet.

  1. Været
  2. Vær