Arne Bergøy, leiar i Tomatfestivalen avdukar skiltet, godt hjelpt av Sigvald Grøsfjeld frå Presis vegdrift. Silje Vignes Flesjå står for fanfaren.|Tomatfestival-komiteen saman med kunstnaren bak skiltet, Jens Flesjå. Frå venstre Arne Bergøy, Jens Flesjå, Cathrine Selvaag, Silje Vignes Flesjå, Ottar Sandanger og Jon Olav Runestad.|Etter avdukinga var det kaffi, kake og raude tomatar.

FINNØY: Skiltet blei høgtideleg avduka, presis klokka 11 onsdag,  med fanfare og kake pluss blomar til kunstaren Jens Flesjå, som har teikna skiltet.,

-Det blei eit veldig flott skilt, med motiv av Finnøys gull, tomatar, seier Silje Vignes Flesjå i Tomatfestivalen til Øyposten.

Det var styreleiar i tomatfestivalen, Arne Bergøy, som stod for avdukinga,  godt hjelpt av ein av arbeidskarande frå Presis Vegdrift, Sigvald Grøsfjeld. Fanfaren stod Silje Vignes Flesjå for.

Tomatfestival-komiteen saman med kunstnaren bak skiltet, Jens Flesjå. Frå venstre Arne Bergøy, Jens Flesjå, Cathrine Selvaag, Silje Vignes Flesjå, Ottar Sandanger og Jon Olav Runestad. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Me vil gjerne at besøkande skal vita at nå er dei på Finnøy, og at her er dei hjarteleg velkomne, seier Vignes Flesjå vidare.

Ideen er det Kristian Spanne som kom med, då han var leiar i næringsforeninga på Finnøy. Det er fleire år sidan, men slikt tek tid. Mellom anna måtte spørsmålet drøftast både i dåverande Finnøy kommune, i nåverande Stavanger kommune og i fylkeskommunen.

Fylket tok seg også bryet med å koma til Finnøy på befaring, og då blei det ja, nøyaktig der kor det først blei forslått at skiltet skulle stå. Prislappen på 30.000 kroner, pluss, pluss, er det Tomatferstivalen som tek.

Etter avdukinga var det kaffi, kake og raude tomatar. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Kunstnar Jens Flesjå synes det har vore ei kjekk oppgåve.

-Det har vore ein utsøkt fornøyelse å få lova å teikna skiltet, seier han.

Også forslagsstillaren, Kristian Spanne, er nøgd med at skiltet nå endeleg er på plass.

-Det har tatt si tid, men det er fint at det kom opp til slutt, seier han.