-Ny kraftforsyning skal stå i 80 år

Den nye kraftforsyninga til øyane, enten det blir kabel eller luftspenn, blir bygd for å stå i 80 år, opplyser Lyse-selskapet Lnett. 

-Viss NVE besluttar luftspenn, må truleg Stavanger kommune eller andre betala meirkostnaden viss det skal bli kabel i staden, seier Torbjørn Grødem, prosjektleiar i Lnett.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Lnett hadde to fullbooka møtedagar på Finnøy om planane om ny kraftforsyning over øyane.,

-Interessa har vore kjempestor. Vanlegvis er det fem-seks innom når me arrangerer åpen dag om slike prosjekt. Her blei det to fulle dagar, det kan eg ikkje hugsa me har opplevd før, seier Torbjørn Grødem, prosjektleiar for den nye kraftlinja frå Strand til Rennesøy over Fogn og Finnøy.

Ifølge Grødem er den eintydige tilbakemeldinga frå øyane at ingen ønskjer luftspenn, alle ønskjer kraftforsyninga lagt i kabel, enten i sjø eller på land.

-Men alle innser også behovet for meir straum til øyane, understrekar han.

Stavanger må spytta i

 

-Kva mulighet er det for å behalda øyane linjefri, slik dei for ein stor del er i dag?

-Det er for tidleg å seia, men me har eit tilsvarande prosjekt i Klepp kor kommunen ønskjer kabel lagt i jorda i staden for luftspenn. Svaret frå NVE er at det er mulig, viss kommunen eller andre aktørar betalar. Viss NVE besluttar luftspenn her, må truleg Stavanger kommune eller andre betala meirkostnaden viss det skal bli kabel i staden, svarar Grødem.

Lnett vil nå gå gjennom alle innspela,  for å sjå om trasear bør endrast eller trafostasjonar bør plasserast annanleis, før meldinga om prosjektet blir sendt til NVE. Etter planen skal det skje innan utgangen av mars.

Høyring til sommaren

 

-Deretter vil NVE leggja saka ut på høyring, noko som kanskje skje til sommaren. Men me veit at NVE har mykje på tapetet for tida, og til dømes er forslaget om kraftforsyninga frå Randaberg til Rennesøy er ennå ikkje lagt ut på høyring, sjølv om det er gått tre månader sidan me sende søknaden om konsesjon, opplyser Torbjørn Grødem.

Prosjektleiaren meiner folk ikkje bør bli skuffa sjølv om dei ikkje finn igjen innspela sine i meldinga som Lnett nå skal senda til NVE.

 

Bygd for å stå i 80 år

 

- Det blir ei høyring om prosjektet og god anledning der til å koma med sine meiningar. Då kan folk senda innspela sine på nytt inn til NVE.  NVE kjem truleg også til å arrangera folkemøte om saka på Finnøy i den forbindelse, legg han til.

-Kva er tidshorisonten for den nye kraftforsyninga?

-Me byggjer for at den skal stå i 80 år, svarar Grødem.

Gang- og sykkelveg

 

På spørsmål om kva vekt hensynet til øylandskapet blir tillagt, og det estetiske med kabel i staden for kraftlinjer, seier Grødem at dette er noko som vil inngå i utgreiinga til NVE.

-Dette er tema for fagrapportane som skal lagast i forbindelse med konsekvensutgreiinga, seier Grødem.

-Kva med å kombinera gang- og sykkelveg med kraftkabel?

-Det har me fått ein god del innspel på, og er noko me vil sjå på. Eg kan ikkje lova noko, men dette er blant innspela me vil ta med oss vidare og utreda nærare.

-Den planlagde kraftforsyninga frå Randaberg til Rennesøy er foreslått med luftspenn der ho går over land. Kva føringar legg det for linja frå Strand til Rennesøy?

-Det er gjort fordi kostnadane med kabel er så mykje høgare. Men det kjem an på kva innspel som kjem i høyringa. Då kan det bli endringar, kor me kanskje må senda inn ei tilleggssøknad om kabel i tillegg, svarar Torbjørn Grødem.

Publisert: