Det var Høyre sin fraksjonsleiar i utvalet, Jan Endre Egeland , som fekk støtte både av sine eigne partikollega John Peter Hernes og Cille Ihle i tillegg til representantar for partia Rødt,Venstre og MPDG for sitt syn.I forkant av møte hadde utvalget også vore på synfaring på Talgje.,

-Me ønskjer at desse relativt store naturinngrepa skal gjerast mest muleg skånsomt , og at fasader på bygg som skal førast opp skal framstå på ein fin og skikkelig måte som går mest muleg i eitt med naturen, påpeikar Egeland.

Då saka var oppe til høyring i kommunedelutvalet i Finnøy like etter nyttår, fekk han sterk motbør frå eit einstemmig utval for sine sterke føringar og omfattande rekkefylgjekrav når det galt både fasader og taktekking.

Då med bakgrunn i 1.gongsbehandlinga av planen og

kravsspesifikasjonar til ein detaljregulering som mellom anna Ap- representant Jon Olav Runestad meiner ikkje høyrer heime i eit næringsområde på ei lita øy i Ryfylke, men liknar meir på krav  som ein set til fasader på handel-og servicebygget på Sølyst eller i indre Vågen i Stavanger.

Det høyrer også med til historia at både Ap og FNB under 1.gongsbehandlinga i november, støtta H og fleirtalet sine motsegner til planutkastet, men har nå snudd i saka.Den gong møtte den lokale Ap-representanten Ottar Sandanger som varamedlem i utvalet.

-Detter må ikkje framstillast som ein kamp «by mot land», for alle bør jo vera interessert i at det framleis skal sjå vakkert ut på denne flotte øya i Nye Stavanger kommune, påpeikar Egeland,som har sterke relasjonar til Fogn og såleis er svært godt kjent i nettopp tidlegare Finnøy kommune der han ofte oppheld seg.

-Men når du mellom anna stiller krav til at takflater skal dekkjast med bergknapp eller sedum. Blir ikkje det å dra det vel langt, og ikkje minst veldig kostnadsdrivande for dei som eventuelt skal etablera seg i havbruksparken i framtida?

-Det trur eg ikkje-snarare tvert imot.For eg trur heller at når dette blir gjort skikkeleg og ser flott ut , så vil potensielle nyetablerarar finna dette attraktivt.

Og ein treng ikkje gå lenger enn over på andre sida av fjorden, til tidlegare Ladstein ferjekai.Me såg kor lang tid det gjekk med å få seld akkurat det område, og korleis det ser ut i dag..Slik skal  me ikkje ha det rundt den tidlegare ferjekaien på Nordstø, slår Egeland fast.

Han har likevel ikkje  noko problem med å innrømma at politikarar frå byen gjerne ser på slike reguleringsplanar med andre augo enn det politikarar tradisjonelt har gjort, og framleis gjer ute i mindre befolka distriktskommunar og område i Finnøy og Ryfylke.

-Du fryktar ikkje at eventuelle nyetablerarar då heller vil velgja andre kommunar, som eksempelvis nabokommunane Strand og Hjelmeland som ikkje set slike rekkefølgekrav for ei detaljregulering i næringsområde som dette?

-No er både Finnøy og Rennesøy ein del av Stavanger kommune, og her er det våre politiske føringar og tilnærmingar til slike utbyggingssaker som gjeld.Og igjen- me skal vera opptekne av at det skal sjå vakkert ut på Talgje, på same måten som i  dei andre  by- og kommunedelane i Nye Stavanger, slår Egeland fast.

Han er likevel usikker på om det er hans og fleirtalet sine føringar i UBS som blir det endelege, når reguleringsplanen for Talgje Havbrukspark kjem opp til endeleg behandling i kommunestyret.

-Der er nok den partimessige samansetjinga veldig forskjellig frå den me har i Utvalget for by samfunnsutvikling, påpeikar han.