FINNØY: Erling Bleie kåra til Årets ildsjel i FIL

Eit sterkt forseinka årsmøte i Finnøy Idrettslag, på grunn av koronapandemien, kunne torsdag kveld endeleg avviklast på det nye og prangande klubbhuset på Leikvoll.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over tre år gammel

FINNØY:

Der vanka det heider og ære til nettopp leiaren av byggekomiteen for det nye klubbhuset, Erling Bleie. Han fekk overrekt pokal og blomster av idresslagsleiar Bendik Hegglund, som Årets Ildsjel i Idrettslaget, for sin oppofrande innsats med å få realisert praktbygget.,

Også Innsatspokalen fir 2019 blei delt ut.Den tilfalt Aksel Reilstad som nærmast «har budd på Leikvoll« dei siste par åra .

-Aksel har utvist ein fantastisk innsats nærmast på alle område, skryt Hegglund.-Ja,så mykje betyr idrettslaget for Aksel, at han like godt kom til meg og spurde om han kunne få leggja inn eit regelmessig trekk i lønna si som skulle gå i direkte støtte til idrettslaget.

Då svara eg  at nei det skulle han ikkje gjera.Men han skulle få lov til å stilla på dugnad, å hjelpe til på ulike område når han hadde tid og anledning.

Og, Aksel har levert så til dei grader,skryt Hegglund .Han fortel at Aksel er både materialforvalter, hjelpetrenar og keepertrenar  på fleire ulike lag når det er behov for det.Og ikkje minst når det er dugnad og praktiske ting som skal gjerast, så er han den første til å stille opp og den siste som gpr.Så ingen fortener innsatspokalen meir enn han Aksel, seier Hegglund som ikkje var på val som idrettslagsleiar på årsmøte.

Eit roleg og ryddig årsmøte, der eit 20-tals medlemmer hadde møtt opp under påsyn av strenge. koronarestriksjonar.Hovudsaka på årsmøte var likevel  presentasjonen av den nye sportsplanen som er utarbeidd.

,Øyposten kjem tilbake til utfallet av sjølve valet på årsmøte.

Publisert: