Familien har småbruk på Kaltveit på Ombo med fem sauer av typen blæs, som ventar lam rundt påsketider. Men kva gjer du når kommunen oppfordrar folk til å halda seg heime og unngå alle unødvendige reiser? Nina Hagen gjorde det på denne måten.,

-Eg visste at det ikkje var forbod mot å reise til Ombo, øya er i same kommune som Stavanger. Men for å vera heilt sikker ringde eg til koronatelefon i kommunen, og fekk vita at det var i orden å reisa. Men dei ba meg også å melda frå til kommunelegen. Og svaret derifrå var det same: dette var heilt innanfor, seier Hagen til Øyposten.

På Ombo har familien fem sauer, og lemminga har ennå ikkje kome i gang.

-Eigentleg er det svigerfar min som passar på dei. Men er i risikogruppa, han begynner å dra på åra, og har mest lyst til å halda seg heime på grunn av korona-situasjonen. Difor tek eg og mannen min dette på skift. Nå håpar me at lemminga skjer neste veke, i påskeveka, seier Hagen.

I svarbrevet til Nina Hagen skriv konstituert helsesjef Marit Anda:

"Klart dere må få gjennomføre lemmingen. Jeg trenger ingen beskjed om dette."