Det var Venstre sin representant Ann Elin Piel som fremja forslaget, og som altså berre mangla ei stemme på å få fleirtal. No vil kollega Jan Erik Søndeland, i staden ta saka opp i formannskapet i Stavanger i morgon, torsdag.,-Dert vil partiet mellom anna koma med forslag om at Stavanger kommune påtek seg ansvaret for å finansiera fast bergingsbil(med kapasitet for berging av vogntog, gjennom sommaren. Då fram til og med september 2020. Det vert sett av ei øvre rame på 500 000 kroner til dette.,

Fleirtalet i kommunedelsutvalet, derimot,representert ved mellom anna dei to kommunestyrerepresentanatane Søvi Ona Gjul (Ap) og Dagny Sunnanå Hausken (Sp), meinte at dette var Statens Vegvesen sitt ansvar, og viste til at saka nyleg hadde vore oppe i kommunalutvalet i kommunen, der også Statens Vegvesen var invitert og kalla inn på teppet. --Vegvesenet har no signalisert eit opplegg med både langt betre varsling og framkommelegheit for bilistane, om tunnelane blir stengt, sa varaordførar Sunnanå Hausken.

-Me kan ikkje lenger venta på Vegvesenet. Dei har lenge nok vist at dei ikkje klarer å ordna opp i dette. Og fram til det skjer bør Stavanger kommune ta denne rekninga. For det er berre ein ting som er effektivt, og det er å få på plass ein bergingsbil som kan rykke ut straks, og den må stasjonerast på Sokn, repliserte Venstre-representanten,Ann Elin Piel. Ho frykta at det kunne bli kaotiske tilstander i ferietrafikken i sommar, og ting ikkje blei gjort no.

Kommunestyrerepresentant Søndeland, set no si lit til at eit fleirtal i formannskapet skal støtte Venstre sitt forslag om ekstraordinære tiltak til den etter kvart så plagsomme og forhatte stenginga av tunnelane i Rennfast.- Kr.F har signalisert at dei støttar oss, så må me berre vente å sjå kva som blir utfallet av saka i morgon, opplyser  ein spent Søndeland til Øyposten.