God festivalstemning under utandørskonserten til Mari Hauge og Hanne Vasshus. Nå blir det ny konsert neste år.

SJERNARØY:

-Me er strålande fornøyd, tilbakemeldingane har vore over alle forventningar. Det var eit sjansespel, me visste ikkje kor mange som ville koma, og håpa på 30. Men det kom over 200.  Det viser tydeleg at folk lengtar etter å gå på konsert igjen, seier ei oppglødd Mari Hauge til Øyposten.,

Ein fredag midt i juli tromma dei to artistane saman til konsert på Kyrkjøy. Det var noko som meirsmak, for ifølge Mari Hauge er det alt bestemt at det blir ein ny festival neste år.

-Den blir på same øya, på same staden, fredag 15. juli. Me følte me måtte smi mens jernet var varmt, og har alt lagt nokre planar, utan at dei er heilt landa endå. Men festival blir det, og  kanskje også ein tanke større, seier ho.

Småbruket «Myrå» tilhøyrer Hanne Vasshus, og var sjaina opp frå topp til tå i anledning konserten. Saman med Mari Hauge ga Vasshus publikum ei to timars konsertoppleving, med innlagd pause for drøs og beinstrekk i finværet fredag kveld.

Hanne Vasshus, som i 2016 blei kåra til årets stavangerkunstnar, har flytta til Sjernarøy kor ho jobbar som lærar, og tanken om ein konsertkveld i hagen begynte ho å tumla med same året.

Mari Hauge er barnebarnet til Alfred Hauge frå Sjernarøy, og har også rukke å skaffa seg eit navn i musikkmiljøet i Stavanger.