-Ein stor dag for beredskapen i øyane

Ordførar Kari Nessa Nordun åpna i dag offisielt den nye branstasjonen og ambulansesentralen på Finnøy. Samtidig døypte ordføraren den nye ambulansebåten.

Ordførar Kari Nessa Nordtun og sonen Håkon klypper sonar og åpnar brannstasjonen og ambulansesentralen.  Tom Meyer frå Rogaland Brann og redning og Kai Petter Flesjå (t.v.) frå det lokale brannvernet hjelper til.|Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun døyper den nye ambulansebåten.||Byggherre Stephan Dickinson blir takka av av brann- og redningssjef Nils-Erik Hagenrud.|
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

Akkompagnert av den tunge rotorlyden frå eit redningshelikopter i låg flukt over Judaberg klypte ordførar Kari Nessa Nordtun saman med sonen Håkon på seks år bandet som markerte åpninga av brannstasjonen og ambulansentralen på Judaberg.,

 Champagneflaska på veg mot Rygermedic, sendt av gårde av ordførar og gudmor Kari Nessa Nordtun.

Etterpå var det dåp av "Rygermedic", kor ordføraren er gudmor. Godt hjelpt av skipper Sølve Helge Knusen gjorde ho to forsøk på å knusa champagneflaske mot baugen på båten, men utan hell. På siste forsøk rauk faktisk bandet, og flaska med dei edle dråpane plaska i sjøen og sokk til botnar.

 Byggherre Stephan Dickinson blir takka av brann- og redningssjef Nils-Erik Hagenrud.

-Det gårt heilt fint, slik har skjedd før under dåp av båtar, beroliga Lars Andre Rødne frå Rødnerederiet, som opererer den nye båten.

Ordførar Kari Nessa Nordtun seier både dåpen av ambulansebåten og åpninga av brannstasjonen og ambulansesentralen er ein stor dag.

-At me får to etatar under same tak vil styrka beredskapen i øyane . For Stavanger kommune har det også vore viktig å behalda ambulansebåten på Judaberg, sidan det var høgt prioritert av innbyggjarane då Finnøy og Rennesøy gjekk saman med Stavanger, seier Nessa Nordtun til Øyposten.

 Den nye brannstasjonen på Judaberg.

Publisert: