Ottar Sandanger (ap) er kritisk til navneskiftet.

Det er Ottar Sandanger, medlem av kommunestyre i nye Stavanger som opplyser dette til Øyposten.,

Hans partifelle på Fogn, Jon Olav Runestad har gått inn for å få med ei setning om dette når budsjettet i den nye kommunen skal bankast i Stavanger kommunestyre måndag.

Eit forlag om å binda opp utbytet av Havbruksfondet til Øyfast-prosjektet, er tidlegare vedteke i Finnøy kommunestyre. Men det står ingen ting om dette i forslaget til budsjett som dei seks fleirtalspartia la fram tidlegare i haust.

Også ordførar Henrik Halleland i Finnøy kommune, og gruppeleiar for KrF i den nye kommunen,  ønskjer at fleirtalspartia skal forplikta seg sterkare enn kva dei gjer i budsjettforslaget sitt.

-Å vedta at halvparten av Havbruksfondet skal gå til Øyfast vil vera bra, elles risikrere me at pengane blir brukt til andre postar i budsjettet, seier Halleland.

Sps Birger Hetland jobbar for at fleirtalspartia skal forplikta seg sterkare til Øyfast, men slik det ser ut nå kan han få ein tøff jobb med å samla støtte for det.

Sandanger seier han vil vera lojal til partiet sitt i denne saka, sjølv om han i utgangspunktet støttar at deler av utbytet frå Havbruksfondet skal øyremerkjast til Øyfast.

-Det burder ikkje vera problematisk, men skal alle stemma etter eigne meiningar, vil me fort koma ut å kjøra. Då reknar eg med at partipisken  vil bli henta fram, seier Sandanger.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp) skriv dette om Øyfast til Øyposten:

«Dette er ei viktig sak for Senterpartiet. Me har programfesta at me vil arbeida for Øyfast. I forhandlingar er det ta og gje, så får me sjå kva me får til.»