Eg hadde tenkt at eg skulle klara å tia stille og ikkje gå i noko debatt med Frode Myrhol. Han virkar open og ærleg, han kallar ein spade for ein spade, men om alt heng på ”greip”, veit eg ikkje.,

Debatten mellom Frp og Fnb vil eg forbigå i stillhet, men når eg les punktet om Intensjonsavtalen i Myrhol sitt lesarbrev 22. februar, så blir eg virkelig opprørt.

Kva for ”narraspel” er dette? Stavanger,Rennesøy og Finnøy forhandla fram ein intensjonsavtale som blei godkjendt i Bystyret og dei 2 kommunestyra. Rådmann og ordførar i Finnøy deltok på eit utal av folkemøte.

Der blei intensjonsavtalen vist fram og gjennomgått detaljert. Det var denne avtalen som ga grunnlag for den lokalpolitiske debatt, og blei ein viktig del av faktagrunnlaget då innbyggjarane skulle stemma for Stavanger, Utstein eller 0-alternativet.

Myrhol skriv: ”6. Intensjonsavtalen er knapt verdt papiret den er skrevet på, den betyr fint lite.”

Skulle likt å visst kva KS og Kommunaldepartementet meiner om  slike utsagn, bare nokre veker etter at den nye kommunen formelt er oppretta?  Vi i Finnøy gjorde plikta vår som Stortinget påla oss, og demokratiet førte oss inn i ein ny kommune. Slike utsagn som Myrhol kjem med, synes eg er uverdig når han sit i den politiske leiinga i store og robuste Stavanger. Alle veit at ein intensjonsavtale ikkje er juridisk bindane, men derimot sterkt politisk bindane.

Etter mitt syn viser Myrhol ein arroganse og ein svært liten respekt for dei politikarane som framforhandla og vedtok intensjonsavtalen, og ikkje minst innbyggjarane som skulle ha eit grunnlag for det historiske viktige vegvalet.

Eg blir rett og slett frista til å bruka eit så sterkt uttrykk som ”tarveleg” om dette utspelet. I Finnøy har me alltid hevda at eit ord er eit ord, men kva nå?

Eg representerer Stavanger Ap i Finnøy kommunedelsutval, og eg føler meg trygg på at Ap i større grad enn Fnb, vil vektleggja intensjonsavtalen.

Stavanger treng sjølvsagt ikkje småøyane våre, men nokre av oss håpa at dette kunne være starten på ein sterkt regionkommune nord for Klepp. Men slike utsagn som Myrhol forfektar styrkjer vel ikkje dei aksjane?

Framover vil det nok drypa store pengesummar frå våre blå åkrar mellom øyane inn i kommunekassa. Desse skattekronene som kjem frå havbruksnæringa her i området er eg sikker på at politikarane i Stavanger er klare til å  å fordela. Slik sett burde me ha gode muligheter til å bli sterke saman.