Det var stor optimisme på Finnøy sitt A-lag da laget var samla til trening like etter sesongoppstart i januar. No er både trenar Erik Torger Flesjå-Johansen ,framme til venstre, og trenarkollega i Mastra, Bjarne Aske, spent på kor mange som blir med vidare etter at breiddefotballen forhåpenlegvis startar opp igjen etter den 10. august.

tekst og foto: Jon Asgaut Flesjå,

Måndag kveld hadde hovudtrenar, Erik Torger Flesjå-Johansen, igjen samla spelarane til ei ny treningsøkt på Leikvoll. Der vart også dei flunkande nye garderobane i det nye klubbhuset tekne i bruk.

Flesjå-Johansen går på ein ny sesong som hovudtrenar, og med seg i trenarapparatet får han Sture Guttormsen og Tor Leirvik som assistentar.

- Som i fjor vil me også i år ha opne treningar ut månaden, der alle som vil kan koma for å visa seg fram. Deretter vil me nok stilla større krav til både oppmøte og ferdigheiter når me skal ta ut laget til kamp, enn kva me gjorde i fjor. For sjølv om me er og framleis skal vera ein breiddeklubb, og ikkje har mål om korkje 4. eller 3. divisjon i nær framtid, ynskjer me sjølvsagt å stilla eit så godt lag som mogeleg. Eit lag som også kan vinna fotballkampar  i 5. divisjon, seier Flesjå-Johansen

,-

Men då kan det vel bli lite speletid, når du gjerne har både 20 og 30 spelarar på blokka som er innom treningane?

Mange forfall

-Ja, det er korrekt. Men erfaringane frå i fjor viste også at det gjennom ein lang fotballsesong tidvis vil bli mange forfall, all den tid dei fleste prioriterer både familie og jobb. Det positive er at me no ser ut til å få dobbel dekning i dei fleste posisjonane på banen. Det er ein styrke, som eg trur vil slå positivt ut. Men dette med at me er mange spelarar som konkurrerer om ein plass på laget har me prata mykje om. Spelarane er difor godt informert om korleis me skal og vil ha det, og aksepterer at det er slik.

-Men kva med eit rekrutteringslag i 7. divisjon slik no Mastra har valt å gjera?

-Me har diskutert dette, men spelarane ynskjer det ikkje. Dessutan krev det ein del ekstra i forhold til at me då treng fleire personar i eit støtteapparat rundt eit slikt lag. Samtidig kunne det lett ha blitt, med bakgrunn frå fjorårets sesong, ein ekstra stor belasting i forhold til tidsbruk på enkelte av spelarane som då gjerne måtte overlappe og spela på to lag for sikra at det vil vera nok spelarar til eit slikt 7. divisjonslag, meiner trenar Flesjå-Johansen.

Skal bli betre

Sjølv om dei fleste spelarane ser ut til å gå på ein ny sesong, er enno situasjonen litt usikker rundt brødreparet frå Halsnøy, Hans Runar og Jarle Sigbjørn Risanger Eike.

-Særleg Jarle Sigbjørn har vore ein svært viktig og sentral spelar for oss, med sin oppofrande spelestil. Men utsikten til å få ein ny keeper, og ein ny midtbanestrateg som Nagy Zsolt inn, gjer sitt til at eg trur me skal få eit betre lag enn i fjor. I tillegg vil dei unge spelarane våre,  representert ved talentfulle Sander Idsø og Kristian Ledaal, ta nye steg. Det gjer sitt til at eg gler meg til ein ny sesong, og er optimistisk med tanke på at laget skal hevda seg godt i divisjonspulja vår, slår Erik fast.

-Og då er det vel ekstra moro at det blir nye øyaoppgjerd og prestisjefulle kampar mot naboane Mastra, Kvitsøy, Midtbygdene på Tau og Randaberg 2?

-Ja, det er berre med å krydra det heile og gir kampane på dette nivået ein ny dimensjon, avsluttar Erik Torger Flesjå-Johansen , som også er leiar av fotballgruppa i FIL. I tillegg tek han seg også tid til å vera med som trenar for Gutar 12 år, der eldstesonen  Leon på 11 er aktiv.

Bilettekst: A-laget samla til trening. Framme frå venstre trenar Erik Torger Flesjå-Johansen, Milhet Flavius, Daniel Steen, Tomasz Cieslikowski, Daniel Emil Rosnes Nåden, Aksel Reilstad, Daniel Kondraciuk, Jarle Sigbjørn Risanger Eike, Morten Engebrethsen, Sander Idsø, Ianis Kovacs

Bak frå venstre. Paul Mihet, Espen Hebnes, Asjen Mensink, Roar Haug, Ørjan Klev Ladstein, Marton Østebøvik, Bendik Hegglund.

Aktuelle spelar ikkje til stades: Anders Eike, Torjus Halsne, Andrei Langbakk Rusu, Kristian Ledaal,Fineas Sala, Jakob Steinnes, Trygve Hebnes, Hans Runar Risanger Eike og Sylwester Koowalski.