Stor usikkerhet om neste års sesong for gartnarane

Usikkerheten rundt straum- og gassprisane for neste års sesong, gjer at dei som plantar tidlegast sannsynligvis ventar 14 dagar med å planta.

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Stig Jakob Hanasand produserer tomatplanter for gartnarar i distriktet.

FINNØY-RENNESØY:

Skavland Gartneri på Talgje og Hanasand Gartneri på Rennesøy er dei store leverandørane av tomat-planter til andre gartneri i området, og begge melder om stor usikkerhet framfor neste års sesong.,

- Dei som plantar ut tidlegast, rundt første februar, trur eg kjem til å planta 14 dagar seinare enn vanleg. Med den usikkerheten som er nå om energiprisane trur eg det er lurt, seier Håvard Skavland, som eig Skavland Gartneri.

På torsdag tar Henrik Halleland (KrF) opp spørsmålet om kva kommunen kan gjera for å hjelpa gartnarar ramma av høge energiprisar. Skavland meiner at kommunen bør prioritera næringar som til dømes gartneri, og private husholdningar, før dei bruker overskot i Lyse til mindre nødvendige oppgåver.

Hanasand gartneri på Rennesøy.

Sig Jakob Hanasand på Rennesøy leverer småplanter til rundt 10 gartneri i Ryfylke og på Jæren.

- Hos meg vel dei fei fleste å planta som normalt. Det har også litt med kabalen i min produksjon å gjera, seier Hanasand.

Han legg til at det er stor nervøsitet i næringa over korleis energiprisane vil utvikla seg framover.

- Det går an å mista nattesøvnen av mindre, seier han. Sjølv bandt han prisen på straum for 85 prosent av forbruket for to år sidan.

- Men for det store fleirtalet av gartneri er ikkje det ein mulighet, sidan dei brukar gass. Og der går det ikkje an å binda prisen, seier han.