Karen Madland frå Rennesøy hadde rydda heime, og hadde fine klær og diverse anna ho håpa på å bli kvitt.|||||||||||Hans Mange Alstveit og sonen Jeremiah diskuteter eit mulig kjøp med Madelaine Graadahl.||-Alle tiders arrangement, seier Dan Lillesund og Lisen Dybdahl frå Talgje, som studerer bordet med heimelaga produkt frå Randaberg.|||Kjellaug Røiseland frå Sjernarøy stilte med bordet fullt av juleting.|-Tallerkenar som dette er noko for samlarar, seier Petter Schou, som selde på vegne av arrangørane.

FINNØY:

Fleirbrukshallen var fyllt av klær, leiker og snurrepipperier av mange slag då den andre bruktmarknaden på Finnøy gjekk av stabelen i helga.,

Intiativtakaren til arrangementet, June Mjølsnes Steinnes, er svært fornøyd med resultatet.

-Me fekk inn heile 31.200 kroner, og heile beløpet går til ein barneheim for svært vanskelegstillte barn på Madagaskar. Gjevargleda var stor, og det er fortsatt mulig å gi pengar. Dei som vil det kan ta kontakt med meg, eller Ylva Iren Jacobsen, som har starta aksjonen "et hjerte for Madagaskar", seier den ivrige Finnøy-jenta.

-Tallerkenar som dette er noko for samlarar, seier Petter Schou, som selde på vegne av arrangørane. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Ho rettar ein stor takk til alle som var med og gjorde arrangementet mulig, og til Fleirbrukshallen ved Arild Flesjå som stillte hallen til disposisjon heilt gratis. Rundt 15 utstillarar var med, i tillegg til arrangøren.

Hans Mange Alstveit frå Finnøy var blant dei som hadde teke turen dit.

-Eg kjøpte telemarkski, litt vertøy og klær. Det ser ut til å vera bra utvalg, seier Alstveit til Øyposten.

Hans Mange Alstveit og sonen Jeremiah diskuteter eit mulig kjøp med Madelaine Graadahl.

Han handla av Madelaine Graadahl frå Finnøy, Ho melder om bra salg, og kan  dessutan tenkja seg å starta bruktbutikk på Finnøy.

-For meg er det ein hobby å samla på brukte ting, seier ho.

Karen Madland frå Rennesøy stilte med både ting på bordet og klær på stativ.

-Eg rydda heime då eg fekk vita om denne marknaden. Eg håpar å bli kvitt noko av det eg ikkje har plass til, seier Madland, som bur i omsorgsbustad i Vikevåg.

Kjellaug Røiseland frå Sjernarøy stilte med bordet fullt av juleting. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Dan Lillesund og Lisen Dybdahl har nettopp flytta til Talgje, og nytta søndagen til å leggja turen til bruktmarknaden på Finnøy.

-Det er eit kjempekjekt arrangement. Me er spesielt på jakt etter barneklær til barnebarna, seier dei. Dessutan stoppa dei ved bordet til Aud Tunge frå Randaberg, som selde heimelaga saft, syltetøy og ingefærshots.

-Ingefærshots er veldig bra for mykje, det renskar opp, påstår ho.

-Alle tiders arrangement, seier Dan Lillesund og Lisen Dybdahl frå Talgje, som studerer bordet med heimelaga produkt frå Randaberg.

Kjellaug Røiseland frå Sjernarøy  var på plass med eit bord fyllt med ting og tang til julepynten, og synes salget har gått "greitt".

-Me kom med to fulle bilar, og håpar på godt salg, seier Røiseland.