Tine Øvrebø og Marianne Murbretch meiner at blant anna mangel på veglys gjer dette til ein farleg skuleveg.|||Det er for langt mellom trafikklysa på denne strekninga, spesielt på vinterstid, meiner foreldra.

RENNESØY:

Tine Øvrebø og Marianne Murbrecht bur innanfor ei viss avstand til Vikevåg skule, det fører til at barna deira anten må gå eller sykla til skulen sjølv.,

Men, det er ikkje trygt, meiner mødrene.

− Den største frykta er at nokon blir påkøyrd, at liv går tapt eller at nokon blir skadd på grunn av at vegen er såpass utrygg, seier Marianne Murbrecht.

https://www.oyposten.no/2021/10/30/foreslar-a-bruka-22-mill-pa-vegen-osthusvik-hanasand/

Bekmørkt på vinterstid

Det største problemet skal vera mangel på lys. Det er nokre lys langs vegen, men desse er det for lang avstand mellom, meiner foreldra.

− Ungane har ikkje fri skuleskyss, så her må dei anten gå eller sykla, fortel Tine Øvrebø.

Kommunedirektøren foreslår å sette av to millionar kroner i det nye budsjettet, til planlegging av gang- og sykkelvegen mellom Østhusvik og Hanasand. Øvrebø synest det også burde kunne settes av midlar til denne strekninga.

«Ungane seier dei er livredde når bussar eller lastebilar køyrer forbi dei»

Eit anna stort problem er at vegen er for smal. Det skulle i det minste vore ein vegskulder, meiner dei.

− Det er ingen plass du kan «rømma» til viss til dømes ein buss kjem. Og så går det litt tung trafikk til gårdane i ny og ne. Desse dekker nær heile bredda på vegen. Ungane seier dei er livredde når bussar eller lastebilar køyrer forbi dei, seier Murbrecht.

Dette er også ei strekning som i ny og ne opplever litt trafikkaos når det er problemer i Mastrafjordtunnelen. Det aleine burde vera grunn til å gjera noko her, meiner dei.

− Det er også ganske mange som jogger eller går tur på denne vegen, og det går ikkje an på vinteren fordi det blir heilt svart. Då må ein bruke hovudlykt, og det blir berre for dumt, seier Murbrecht.

Det pleier også å vera ein del hjort som kryssar vegen. Det blir ekstra skummelt når det er vinterstid, seier dei.

Fleire tusen kroner

Murbrecht har tre barn, to av desse går på Vikevåg skule no, men ho har fått innvilga gratis skuleskyss for ein av desse på særskild grunnlag: Nettopp på grunn av trafikken.

Før ho fekk dette innvilga, har ho i fleire år betalt med eigne pengar for at to av barna skulle få vera med på skuleskyssen.

− Kor mykje det har blitt veit eg ikkje, men me har vel kjøpt månadskort til dei i kanskje ti år. Det er i alle fall snakk om eit par tusen kroner.

Øvrebø var fram til no ikkje klar over at dei kunne søka om gratis skuleskyss. Men, begge understreker at det uansett må gjeras noko med vegstrekninga. Dette er eit like stort problem dersom ungane, eller andre, skal på aktivitetar og arrangement i Vikevåg.

Ønsker politisk sak

Ektemannen til Tine, Sp-politikar Terje Øvrebø, deler dei same bekymringane. Han er i tillegg leiar for kommunedelsutvalet i Rennesøy, og fortel at han vil ha problemstillinga på agendaen, sentralt i Stavanger kommune.

− Eg trudde pengar til dette var lovd for lenge sidan, altså før eg blei med i kommunedelsutvalet. Så me har eigentleg berre venta på at det skulle skje noko.

− Det er heilt fint frå sørbøkrysset og utover. Men kan hende økonomien har gjort at det har stoppa opp på det tidspunktet. Det blei fiksa eit stykke opp der, men så stoppa det opp, slik at det manglar ein bit. Eg tenkjer det ikkje kan vera snakk om så mange millionar kroner i investering for å få på plass lys, seier Øvrebø.

Leiaren seier han har etterlyst at det blir laga ei politisk sak når det gjeld trafikksikkerheitsmidler, samt informasjon om kva tid det eventuelt vil kome på plass.

− Det er det me jobbar med no. Me etterlyser prioriteringar og tidsperspektiv, og om desse pengane faktisk er lovde, for det trudde eg dei skulle vera. Me har invitert nokon frå kommunen som har med dette å gjer, slik at me kan få vita meir.

No håper han dei vil ta turen og delta på neste kommunedelsutval den 9. november.

Ein tilleggsfaktor er at det er for dårleg kollektivtilbod, meiner Øvrebø. Dette vil han også ta opp, i nær framtid.

Det er for langt mellom trafikklysa på denne strekninga, spesielt på vinterstid, meiner foreldra. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang