|

Det er oppsummeringa i bacheloroppgåva til Birgitte Bøe frå Fogn. Ho avslutta før sommaren eit tre-årig studie i Statsvitskap med spesialisering i samfunnssikkerheit ved Universitet i Stavanger. Problemstillinga for bacheloroppgåva var korleis ulike sentrale aktørar samhandlar i ein krisesituasjon.,

Bøe hadde brannen på Ombo i fjor sommar som utgangspunkt for oppgåva, ein brann som kravde store ressursar av utstyr og personell. I ettertid har brannen blitt kostnadsrekna til rundt fire millionar kroner, og blir rekna som ein av dei største i Norge. Brannen snudde det vesle samfunnet på hovudet over natta.

Ombo krevjande

- Grunnen til at eg velde å skriva om brannen på Ombo var fordi den skjedde i heimkommunen min, og at den skil seg ut på fleire måtar i forhold til mange andre brannar. Blant anna fordi Ombo er ei øy, kommunen er liten og ressursane avgrensa. Desse faktorane gjorde det interessant å forska på i lys av korleis ei krisehandtering kan fungera med slike avgrensingar. I tillegg er topografien krevjande, det er mykje skog og det var svært varmt og ein del vind i perioden brannen herja. Med andre ord; det var mange forutsetningar til stades som naturleg kunne vanskeleggjer handteringa av brannen. Og jo fleire av desse negative forutsetningane ein må forhalda seg til, jo større er sjansane for at noko kan gå galt undervegs.

Teori og praksis

- Målet med oppgåva var aldri å leita etter store avsløringar, men meir å få innsikt i, og at eg kunne fordjupa meg i korleis eit samarbeid faktisk går føre seg i ei krise. Det viktigaste funnet er at teori og praksis viste seg å stemma overeins. Det vil sei at alle involverte aktørar slik som brannvesen, sivilforsvar, politi, kommunen og frivillige på Ombo, og andre øyar, samhandla i tråd med regjeringa sitt styringsdokument for samfunnssikkerheit og beredskap.

- Hensikta med eit slikt dokument er å sikra ei systematisk og god gjennomføring, samt oppfylging av arbeidet, der blant anna fokus på samarbeid blant fleire aktørar er viktig. Dette arbeidet fungerte godt og var avgjerande for at det trass i alt ikkje utvikla seg til å bli endå verre. Blant anna gjekk ingen liv tapt, berre ein person blei lettare skada, og lite eller ingen skader på hus og hytter eller anna materiell, fortel Birgitte.

Frivillig innsats

- Kven har ansvaret når ei krisesituasjon oppstår?

- Kommunane har eit generelt og grunnleggande ansvar for å ivareta innbyggarane sin tryggleik innanfor eige geografisk område, det gjeld spesielt førebygging, beredskap, og krisehandtering. Ut over det har alle eit individuelt ansvar for å førebygga uønska hendingar og kriser, og å handtera dei om nødvendig. Det er mest umogleg for éin aktør og handtere ei krise åleine. Sjølv om kommunen sit med det øvste ansvaret, trengs det fleire aktørar som bistår med eigne ressursar. Eksterne ressursar er avgjerande. Det som gjorde brannen på Ombo så spesiell, var innsatsen til alle dei frivillige. Frivillige som organiserte arbeidet, køyrte brannvakter, alle «sjit»-vognene som var i sving non-stop, butikken som opna etter behov, alle som kokte kaffi, laga mat og opna heimane sine. Eg er ikkje så sikker på om ein ville sett det same engasjement i ein storby.

,-

Konklusjonen din?

- Det var kjekt å oppdaga at alt som kunne gå godt, faktisk gjekk godt. Med alle dei «negative» føresetningane til stades, gjekk dette betre enn frykta. Det var lett å sjå føre seg dei verste senario, men på grunn av profesjonell handtering gjekk dette godt, og erfaringane tek ein med vidare.

Oddbjørg M. Måland