|

september 2004 vakna Christer opp etter operasjonen på Haukeland sjukehus. Han fekk hjerneblødning under ein 2. divisjonskamp for Viking og blei i all hast frakta med ambulansehelikopter frå Stavanger til Bergen. Operasjonen gjekk godt og etter kvart kom Christer tilbake i drakta til moderklubben Vidar igjen. Men han hadde teke eit val.

- Hovudet mitt hadde fått nok av toppidrett. Dette går ikkje, tenkte eg, og så rauk korsbåndet året etterpå. I 2005 bestemte eg meg for å bli trenar, fortel han.

Dermed fekk han aldri fullt ut svar på kor langt talentet rakk, trass at han levde draumen og fekk spela både på Vidar og Viking. Slikt kan ein lett bli litt bitter av.

- Nei, det ligg ikkje for meg. Eg hadde to fantastiske foreldre som har lært meg å være meg sjølv og ta eigne val, og dei sørga for at eg alltid jobba godt på skulen. Fotball var mykje, men ikkje alt. Eg hadde alternativ. Og eg hadde heile vegen mykje bra folk rundt meg. Eg valde å søka folk då eg blei skada, og meiner sjølv eg blei ein meir open og ærleg person.

- Du får det nesten til å høyrest lett ut?

- Nokon seier det er tungt å vera rundt meg, fordi eg er så positiv, hehehe….Og eg fekk ei fantastisk dotter då eg var 21 år. Det var ei kjempegod erstatning for det eg mista av fotball.

Men Christer ville vera i fotballmiljøet, og det kunne han som trenar.

- Ja, eg ville bli god som spelar, men det var alltid miljøet som var det viktigaste for meg. Om eg ikkje kunne spela sjølv, ville eg gi noko til andre.

Då han flytta til Rennesøy i 2006 såg han at det var forskjell mellom tilbodet i byen og på bygda. Ikkje i spelarmaterialet, men i rammen rundt. Då han engasjerte seg i Rennesøy Fotballklubb i 2014 var det spesielt to ting han var oppteken av:

1.Treningskultur.

2.Trenarkompetanse.

I den unge klubben var det mogleg å byggja opp noko heilt nytt. Alle som vil vera trenar i klubben får fagleg oppfølging i to år. Der lære dei metodikken. Korleis dei skal snakka med spelarane, kva dei skal ha fokus på. På denne måten får trenarane ei fagleg tryggheit. Dette skjer på treningsfeltet, ikkje i møter eller med teori. På denne måten blir det stilla krav til trenarane og dei blir drilla i ein modell klubben har laga.

Klubben sitt hovedmål er aktivitet. Samstundes blir spelarane oppdratt i ein klart definert spelestil og ein god treningskultur.

- Eg har lært mykje av andre. Sjølv om dei heiter Guardiola og Klopp er det mogleg å overføre tankane deira til vårt nivå. Eg var så heldig at eg hadde Roy Hogdson som trenar i Viking då eg var ung. Han var ein fantastisk pedagog. Eg trente Kristian Thorstvedt frå han var ni til han var tolv og snakka mykje fotball med faren. Slik kan ein henta lærdom frå mange stader og setta det saman med det ein har frå før.

Øyposten er innom ei trening med jenter-13, der to grupper driv med forskjellige øvingar ute på kunstgraset med Mosterøy skule. Christer instruerer jentene i ei innlegg-skotøving. Enkle beskjedar, korrigering og oppmuntring.

- Det er 18 jenter i denne gjengen og dei trener tre-fem økter i veka. Me skal utvikle dei som sportsleg og sosialt og som menneske. Dette handlar ikkje om dei skal ha det kjekt, eller bli gode. Me tenker begge deler, men me deler dei inn i grupper etter nivå frå dei er 5-6 år. Like barn leiker best.

- Er dette kontroversielt i klubben?

- Nokon kan nok reagere, men det me driv me er eigentleg tilpassa opplæring, akkurat som i skulen. Me deler dei inn etter fysiske og tekniske føresetnader, og kor mykje lyst dei har til å trena. Samstundes passar me heile tida på å gjera mykje felles. Me skal utvikla alle, og då får me ei homogen gruppe som er glade i å trena.

Ute på treningsfeltet på Mosterøy er filosofien å påverke spelarane i små grupper, slik at alle blir sett.

- Er du sikker på at filosofien til klubben er rett?

- Det er viktig å seie at det er mange vegar til målet. Det me gjer i Rennesøy FK er basert på erfaring. Me driv med erfaringsbasert leiing og vil gi ungane gode meistringsopplevingar. Barn opplever framgang når dei gjer det sjølv, ikkje fordi far fortel at du er god. Det å ta ansvar for eiga læring er viktig, anten det er fotball eller andre ting. For meg handlar det om å gi tillit og tryggheit til spelarane, at dei får dei rette verdiane. Det er dei som er framtidas vaksne.

I kvardagen er Christer Corneliussen lærar på toppidrettslinja på St. Svithun vidaregåande skule i Stavanger, der han har fotball som hovedansvar. Så er han leiar for tre lag i jentesatsinga til Viking, og i tillegg er han sportsleg leiar i Rennesøy FK. Han leiar Knotteskolen, trenar gutar-10 og jenter-13 og har ansvar for det som heiter «RFK Extra» eit treningstilbod for 50 spelarar som har meir motivasjon enn dei fleste.

Trass alt dette er han berre 33 år, så då er det naturleg å diskutere ambisjonar.

- Akkurat no er det å jobba saman med kjekke og dyktige folk, og gjera ein forskjell. Eg trivst svært godt med å vera ein klubbutviklar og ein spelarutviklar, men sjølvsagt kunne det vore spennande å sjå om mine teoriar om fotball kunne fungera i eit anna miljø, med andre spelarar.

Edd Meby