Vikevåg på Rennesøy

Eit samrøystes kommunestyret slutta seg deretter både til innhaldet i sentrumsplanen, og den vidare strategien med få realisert dei mest presserande tiltaka og utbyggingsbehova som ligg nedfelt i planen.,Elin Schanche (H) , som også sit i «Hovudutvalet for plan, miljø og utbygging», PMU, peika på viktigheita av å koma raskt i gong med det nye kommunedelsenteret. Eit bygg som skal innhalda mange av dei nødvendige servicefunksjonane som skal lokaliserast til denne kommunedelen i  den nye storkommunen . Her vil opprettinga av det nye tenestetorget for innbyggjarane i dagens Rennesøy få ein viktig funksjon og lokalisering.,-Det er veldig positivt at me har mykje offentleg areal til disposisjon her. Sentrumsareal som me kan ta styringa over, og nytta til offentlege føremål etter dei behova me vil få i den nye storkommunen, påpeika ho.,

Offentleg-privat samarbeid

Schanche ga vidare uttrykk for at ho og partiet var tilfreds med at det no blir lagt til rette for å engasjera profesjonelle private aktørar som er god på eigedomsutvikling, i den vidare prosessen med sentrumsutbygginga. Ho peika på viktigheita av å sjå utbygginga av offentlege areal, næringsareal og bustadareal i samanheng.

-Då er det viktig å få avklart kva kommunen sjølv treng av offentlege areal, påpeika ho.

,Sentrale punkt i den vidare strategien med utviklinga av Vikevåg sentrum er:,-

Ei behovskartlegging som må gjennomførast i «tjenesteutviklingsprosjektene i Nye Stavanger» skal leggjast til grunn for dimensjonering og utforming.,

-

Dagens kommunehustomt vert søkt omregulert til bustadføremål med tilhøyrande

parkering så snart som mogeleg. Det vert lagt til rette for ei relativt høg tomteutnytting. Eigedomen vert lagt ut for sal i marknaden slik den er utan ført å riva dagens busetnad. Salsprosessen vert samordna med realiseringa av kommunedelsenteret og fyllområdet i sjø , slik at interessentar kan by på alle eigedomane separat eller samla

,-

Kommunen utarbeider detaljerte funksjons- og spesifikasjonskrav for eige arealbehov i nytt kommunedelsenter på kaihustomta basert på intensjonsavtalen

. I tillegg til

kommunale behov vert det greia ut om NAV, eller andre offentlege og private brukarar ynskjer ei samlokalisering i bygget. Administrasjonen utarbeider etter det to alternativ for realisering:,1: Sal av kaihustomt og tilhøyrande utfyllingsareal i sjø med plikt til kjøpar om å oppføra kommunedelsenter med avtalt ferdigstillingsdato  for utleige til kommunen eller,2: Kommunen fører sjølv opp kommunedelsenteret og sel vidare det arealet som ein sjølv ikkje treng til eige offentleg bruk

- Alle kommunale eigedomar innanfor sentrumsplanområdet i Vikevåg vert lagt til rette fort utvikling og eventuelle sal

- Sal av kommunale eigedommar skjer etter open konkurransefremjande prosessar med bistand av meglar.

-Gjennomføringa av denne saka og igangsetjinga av sal skal ha den høgaste prioritet i administrasjonen.