Pendlarar i øyane har ikkje hatt same fordelane som i byen.

Dei ekstra belønningsmidlene som den såkalla bymiljøpakken nå blir tilført, og ordninga som dei andre byøyane i dag har gjennom den såkalla hjem-jobb-hjem ordninga i Stavanger kommune, kan føra til at også dagpendlarar frå øyane i tidlegare Finnøy og Rennesøy kommune snart kan dagpendla til og frå jobb til ein kostnad på berre 500-700 kroner.,

Det er kommunalråd for Kr.F i Stavanger kommune, og tidlegare ordførar i Finnøy, Henrik Halleland som opplyser dette til Øyposten.

-Dette er ei sak som eg som tidlegare ordførar har vore oppteken av lenge, og som eg no som politikar i Stavanger ser at kan bli ein mulegheit i løpet av relativt kort tid. Eg har sondert dette med andre politikarar innafor både den politiske fleirtalskoalisjonen og elles i det nye kommunestyret, og er rimeleg trygg på at dette skal me få til.

-På kva måte då, og kva blir kostnaden for pendlarane?

-Føringane for bruken i dei belønningsmidlene som ligg inne i bymiljøpakken er at det skal gå til kollektivsatsinga for å få folk til å bruka båt, buss og tog. I Stavanger har ein i tillegg alt innført denne ordninga for dei ikkje landfaste byøyane, som eksempelvis Vassøy og Kalvøy. Då er det mest sjølvsagt, og ligg nærmast i dagen, at ordningane også bør gjelda for resten av Stavanger kommunen, slår Halleland fast.

Ordninga som er ei samarbeidsordning subsidiert av dei respektive kommunane som er med i ordninga og fylkeskommunen, har fastsett eigne satsar for dette. Per i dag er desse på 500 kroner i dei nære byområda og fastlandet, mens det i meir perifære strok som til Egersund er ein månadssats med tog på 700 kroner.

Eg trur nok at fatslandsdelen av Rennesøy som har busstilbod, kan koma inn under ordninga med 500 kroner, medan tidelgare Finnøy kommune kjem inn under satsar i litt meir perifere strøk som då også er knyta til dei betydeleg høgare kostandene med bruken av hurtigbåt. Då til ein kostnad på 700 kroner i månaden gjennom hjem-job-hjem ordninga. Det er jo betydeleg rimelegare enn hurtigbåt, konstaterer Halleland.

Til orientering kan me opplysa om at den mest rabattert ordninga for å pendla mellom øyane i Finnøy og Stavanger med hurtigbåt kostar rundt 2500 kroner i månaden.

Hjem-jobb-hjem ordninga blei i utgangspunktet etablert for å få fleire til å reisa kollektivt i kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg. For å bli omfatta av ordninga må dei tilsette jobba i ei bedrift som inngår ein avtale med det offentlege. Kostnadene med dette er små for bedriftene, og i utgangspunktet kan alle delta.