Finnøy kommune var ein nynorskkommune, men nynorsken er under press i den nye kommunen.

Nå som Stavanger, Finnøy og Rennesøy har blitt til ein kommune har det plutseleg oppstått nynorske skulekrinsar i Stavanger kommune. Majoriteten av innbyggjarande i kommunen vil nok sjå på seg sjølve som bokmålsbrukarar, men eg synst det er svært viktig at Stavanger kommune legg til rette for at innbyggjarane kan bruka den målforma dei sjølv vil. Dette inneber å synleggjera nynorsken, særleg i bydelar der han er utbredd.,

Eg synst det er oppsiktsvekkande og svært problematisk at nesten all informasjon om bydelen Finnøy på kommunen sine heimesider er på bokmål. Nynorsken står sterkt i Ryfylke og på øyane, og viste ikkje preg av å bli trua av bokmålet så lenge desse kommunane var sjølvstendige. Det er nå beklageleg at Stavanger kommune ikkje når ut til innbyggjarane i kommunen sin på språket som høyrer heime i dei ulike bydelane. Stavanger kommune bør så absolutt ha ein ambisjon om å verna nynorsken i kommunen og derav òg i Rogaland, og det bør vekkja stoltheit å vera ein stor, mangfaldig og fleirspråkleg kommune.

Er det problematisk å få dette til av mangel på nynorskkompetanse i kommunen (som ville vore rart i og med at Stavanger nå er fleirspråkleg) kan eg sjølv bidra med omsetjing av informasjonen frå bokmål til nynorsk.

Eg håpar kommunen tar dette alvorleg og forstår at språkleg identitet er viktig for alle i kommunen, anten ein skriv «jeg» og «ikke» eller meir talenært; «eg» og «ikkje».

Beste helsing,

Håkon Johnstuen

Tjensvoll