Randaberg-ordførar ynskjer ingen ny, opprivande debatt om kommunegrenser. (foto: Rune Nedrebø)

RANDABERG:

-I Randaberg er me ferdige med diskusjonen om kommunegrensene. Rennesøy og Finnøy valde frivillig å gå saman med Stavanger, og det respekterer me. Me ynskjer eit godt naboskap og å utvikla regionen, i staden for å fortsetja denne diskusjonen, seier Randaberg-ordføraren fast.,

Han ser heller ingen realisme i tanken om å løysa opp nye Stavanger.

-Det er heilt urealistisk. Randaberg kjem ikkje til å ta noko intitativ her, det må eventuelt koma frå Stavanger, og det er ikkje fleirtal for der. Det er heilt utenkeleg. Dessutan må det eit nytt vedtak til i Stortinget, noko som heller ikkje er særleg realistisk, seier Bø, som understrekar at alle øybuar er hjarteleg velkomne til å bruka alle tilbuda i Randaberg, enten det gjeld på idrettsfronten eller i butikkane.

-Men å starta ein ny, opprivande debatt om kommunegrenser, det skapar ikkje gode løysingar, meiner Bø.