Eksportverdien av norsk oppdrettslaks når stadig nye høgder. Her er Grieg Seafood sitt lakseslakteri på Helgøy avbilda.(Foto: Rune Nedrebø)|Helgøy ferjekai blir snart åpna igjen. (Foto: Rune Nedrebø)

SJERNARØY:

-Arbeidet går fint, og me reknar med å fyra av siste salven på sjøbotnen torsdag. Deretter er det bare å grava bort utsprengt fjell, så er arbeidet ferdig, seier prosjektleiar Ove Murberg i Rogaland fylkeskommune.,

Ifølge Murberg vil dermed ferje- og hurtigbåttrafikken gå frå Helgøy som normalt. Kaien har vore stengt ei veke, og all trafikk har i denne tida gått over reservekaien på Nesheim. Hurtigbåten har også hatt anløp av den gamle rutebåtkaien på Helgøy.

Helgøy er den siste av ferjekaiane som måtte oppgraderast for å ta i mot dei nye ferjene som kjem til sommaren, og som stikk djupare enn dei gamle. Difor måtte det gjerast utgravingar i sjøen. Også på Eidsund, Halsnøy og Fogn er det utført arbeid. Heile prosjektet har kosta rundt sju millionar kroner.