Sjernarøy oppvekstsenter .|Ombo oppvekstsenter.

STAVANGER:

Elevane i ungdomsskulen frå desse øyane går alt i dag på Finnøy, og det blir nå lufta om det også bør gjelda mellomtrinnet på barneskulen, dvs. 5., 6., og 7. klasse.,

Dette går fram av den nye skulebruksplanen for kommunen. Planen ser på behovet for skulebygg dei neste 15 åra.  Å leggja ned mellomtrinnet på desse øyane blir likevel ikkje fremma som eit forslag, men lufta som eit spørsmål i høyringa, som også skal involvera innbyggjarane i Finnøy kommunedel.

I planen blir det vist til at elevtalet på øyane utanom Finnøy og Talgje er venta å minka med heile 40 prosent dei neste 10 åra. Her blir det likevel understreka at talet må takast med ei klype salt, sidan det er snakk om så lite befolkningsgrunnlag.

Slår prognosane til vil elevtalet på Sjernarøy minka frå dagens 26 elevar til 15 i 2035, på Ombo vil det minka frå 18 i dag til 12 elevar om 15 år mens prognosane for Fogn tilseier eit elevtal på 15 i 2035 mot 26 i dag.

Ombo oppvekstsenter. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Oppvekstsentrane på Sjernarøy, Fogn og Ombo har også barnehager, i tillegg til barneskular. For tida er det 20 barn i barnehagen på Sjernarøy, mens det er ni barn i barnehagen både på Ombo og Fogn.

"På sikt kan det vurderes om elevene på mellomtrinnet også bør få gå til Finnøy sentralskule, slik

ungdomsskoleelevene allerede gjør i dag. Finnøy vil da få gode grupper på mellomtrinnet med om lag 20 elever.

De store elevene fra Fogn, Ombo og Sjernarøy vil få noe lengre skolevei, men også et

større faglig og sosialt miljø. Oppvekstsentrene vil i så fall bli et tilbud for de minste barna i,barnehage, småskole og SFO", heiter det i planen.

Ifølge planen vil det vera god plass til elevane frå desse øyane på Finnøy sentralskule.

For skulane i Rennesøy blir det i planen ikkje drøfta endringar, men også i Rennesøy kommunedel er det venta at elevtalet vil minka dei neste 15 åra.

Nedgangen vil truleg vera størst på Mosterøy skule, som etter kvart vil få bare ein klasse på trinnet.

På ungdomstrinnet er det venta at elevtalet vil halda seg stabilt fram til midten av 2020-talet, før det begynner å gå ned.