Kø framfor bilettluka på MF "Foldøy" etter avgangen frå Judaberg sist fredag klokka 16.35.

FINNØY:

Øyposten har fått fleire henvendelsar om dette. Mellom dei er Joar Sandanger frå Fogn.,

-Det er ikkje for å hengja ut nokon, men når myndighetene når oppfordrar oss til å gjera ein ekstra innsats for å redusera smittefaren for korona, verkar det merkeleg at passasjerar skal stå i kø framfor bilettluka. Spesielt i helgene, når det er stor trafikk, er det vanskeleg å halda einmeters regelen.

Glasveggen i billettluka skal beskytta mannskapet, men det er til lita hjelp for passasjerane som må stå trangt i kø og passera kvarandre i trange trapperom, seier Sandanger til Øyposten.

Store følger

Regionsjef Gaute Gangenes i Norled seier dei har fått tilbakemeldingar om praksisen med å selja billettar i salongen.

-Ikkje mange, men nokre har påpeika at det er mykje folk og trangt ved billettluka, opplyser Gangenes.

Han seier ordninga er innført for å beskytta mannskapet.

-Kolumbus, som er vår oppdragsgjevar, anbefalar at me gjer det på denne måten, som er den same som på hurtigbåtane. Viss mannskapet skulle bli smitta kan det til sjuande og sist føra til at det ikkje går ferjer i det heille, seier Gaute Gangenes, som legg til at det er passasjerane sitt ansvar å halda avstand. Han oppfordrar dei difor om å prøva å unngå å gå fram til luka samtidig.

Ifølge Gangenes har rederiet dessutan skilta trappeoppgangane med henvisning kor dei skal gå opp og ned frå salongen, og dermed sleppa å passera kvarandre i dei relativt trange passasjane i trappene.

Best, meiner Kolumbus

Kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Tostensen i Kolumbus stadfestar at opplegget er i tråd med retningslinjene frå Kolumbus.

-Det er denne løysinga me foreløpig vurderer som den tryggaste, seier Tostensen.

-Er det mest av hensynet til mannskapet eller for passasjerane?

-Begge deler, me ynskjer å gjera det så trygt som mulig å betala på ferjene, seier Tostensen, som legg til at smitterisikoen etter Kolumbus si vurdering ville vore større viss det var betaling ved bilane.