Oddvar Vignes kan likevel få korona-støtte til virksomheten sin.

STAVANGER: Formannskapet vedtok fredag å dela ut nesten 50 millionar kroner til lokale bedrifter som er ramma på grunn av smitteverntiltaka mot korona. Lokalt i Finnøy og Rennesøy er det 16 bedrifter som får del i potten, mens bare ein søknad frå dei to kommunedelane fekk avslag.  Det var søknaden frå "Vignes grav å spreng" på Finnøy.,

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (sp)

Men etter forslag frå Dagny Sunnanå Hausken vedtok formannskapet å be kommunedirektøren sjå på søknaden på nytt når restbeløpet på 7,2 millionar kroner skal delast ut. Det same gjaldt Chilli Chokoladefabrik og veteranbåten "Sandnes".

"Vignes grav å spreng er en liten bedrift som driver innen underholdning. Markedet er bryllup, konferanser, toastmaster og foredrag. Dette markedet er fullstendig borte. Oddvar Vignes balanserer mellom tema om psykiske problemer og humor på en fatastisk god måte i sine oppdrag", heiter det i forslaget frå varaordføraren.