Dagleg leiar i Coop Extra på Judaberg, Sven Inge Goa, fryktar at det nå brenn eit blått lys for dei nye flytebryggene og marinaanlegget i Judaberg havn . Foto: Oddbjørg Måland.

FINNØY:

Øyposten møter ein noko oppgitt og frustrert dagleg leiar,Sven Inge Galta, på kaikanten i Judaberg sentrum på denne uvanleg vakre maidagen.,-Det er Marina Solution AS i Ørsta som skal levera og montera opp ei heile 50 meter lang flytebrygga innerst i Judaberg havn, mellom den gamle ferjekaien og meierikaien på Judaberg, der legebåten i dag har tilhald. Marinanlegget og flytebrygga skal gi plass til 20-25 nye gjesteplasser, medan det ytterst skal vera plass til litt større fritidsbåtar.,-Etter avtalen med Marina Solution AS, så har dei berre ei mulegheit til å få gjort dette arbeidet i år, og det er den første veka i juni. No er me snart komen til midten av mai månad, og enno er ikkje saka politisk behandla og den nødvendige saksbehandlinga gjennomført, seier ein frustrert dagleg leiar.,- Det er sendt e-mail etter e-mail for å etterlysa status og framdrift i saka, nå seinast i dag, men ingen ting skjer. Og får me ikkje svar nå i løpet av dei nermaste dagane, brenn det verkeleg eit blått lys for heile posjektet i inneverande år. Det vil vera veldig trist, og særleg i ein sommarsesong der folk flest igjen skal tilbringa sommarferien i Norge, og båtturismen og lystbåttrafikken på sjøen ser ut til å bli større enn nokon gong før. Det er i ein slik situasjon det difor er så enormt viktig for oss i COOP EXTRA å få på plass dette, for verkeleg å byggja opp og testa ut eit lokalt reiselivskonsept midt i Judaberg sentrum, slår Goa fast.