SJERNARØY: Medan det i andre kyrkjer ikkje er anledning for menigheten å syngja på grunn av koronaen, song menigheten med av hjartans lyst under julegudstenesta i Sjernarøy-kyrkja.,

-Dette er truleg ei av dei få kyrkjene i landet kor det skjer, sa prest Terje Engstrøm.

Sjernarøy kantori under leiing av Johanna Hidle deltok også under julegudstenesta.

God avstand mellom kyrkjegjengarane gjorde det mulig å syngja med.

Sokneprest Terje Engstrøm tok utgangspunkt i juleevangeliet,og kva bibelen sa om Jesu fødsel.

-Det var fest, jubel og glede då Jesus blei fødd, sa Engstrøm mellom anna.