Denne veka blir det igjen gode moglegheiter til å ta eg eit forfriskande bad i sjøen. Foto: Arkiv.

FINNØY: Sommaren 2020 starta fantastisk med ein flott juni, mange dagar med skyfri himmel og høge temperaturar. Så kom juli som ein einaste stor nedtur, og slo alle rekordar kva «drittvêr» gjeld. Ikkje ein einaste høgsommardag blei registrert. Det dårlege vêret fortsette ut i fyrste del av august. Men no skjer det ting.,

Sommarhungrige roglandingar har ei god veke i vente med stigande temperaturar, godt over 20 grader heile veka, og onsdag blir temperaturvinnaren med heile 27 grader.

- Ja det ser veldig bra ut. Eit nedbørsområde skal rett nok passera torsdag kveld, men det er svært usikkert kor det treff og kor mykje regn det blir. Det blir uansett gode temperaturar og mykje bra vêr framover, fortel Tone Christin Thaule ved Vêrvarslinga på Vestlandet.