Fleirbrukshallen er blitt vaksen, og feirar ein heil dag til endes
Fleirbrukshallen på Finnøy fyller 20 år i år, og 18. mars blir det åpen hall om dagen og fest om kvelden.
FINNØY: -Me vil gjerne visa fram kva hallen har å tilby folk på Finnøy i alle aldrar, seier Joanna Mowinska og Gaute Halleland frå styret i Fleirbrukshallen til Øyposten.
Mange aktivitetar
Ifølge Mowinska og Halleland er Fleirbrukshallen i dagleg bruk, og er ein svært viktig samlingsstad for Finnøy. Hallen har kapasitet til 650 publikummarar, og blir brukt både av skulen, idrettslaget på øya, Husflidslaget og Open hall for ungdommar i Finnøy i tillegg til større arrangement og konsertar. Det er også eit eige styrkerom med dyktige instruktørar som er blitt veldig populært.
-Det er verkeleg blitt eit samlingspunkt på øya, seier dei to.
På jubileumsdagen vil hallen visa fram kva aktivitetar som skjer i hallen for barn og unge, og det blir også kaffi og bakst. Klatreveggen blir åpen, og det blir ansiktsmaling, sjonglørar, lysshow og eigen teiknekrok.
Om kvelden blir det bygdekveld med full middag og dessert laga av Bygdakokken. Konferansier blir Tor Øyvind Skeiseid og Arne Nordbø, og eldsjeler bak bygginga av hallen og sponsorar er spesielt invitert.
Overraskingar
Programmet er ikkje heilt spikra ennå, og vil innehalda overraskingar. Men mellom anna er det planen å framføra visa som blei skriven til åpninga av hallen av Tor Øyvind Skeiseid. Den skal framførast av forfattaren og Arild Flesjå med Torfinn Idsø på gitar.
-Me håpar at det kjem 200–300 gjester, seier Gaute Halleland og Joanna Mowinska.
Ifølge Gaute Halleland kosta Fleirbrukshallen 20–25 millionar kroner å byggja, og mykje av arbeidet blei gjort i god Finnøy-ånd; på dugnad. I dag er hallen gjeldfri.
For å ha kontroll på kor mykje mat som skal lagast om kvelden er det påmelding innan 10. mars. Det kan enten skje til Joanna Mowinska på telefon 96838115, eller til Gaute Halleland på telefon 99490548.