Denne spreke gjengen sørgja for kjekk basar og møtestad på Sjernarøy tysdag. Frå venstre bak: Ebba Marie Breivik, styreleiar Benny Helgeland og styremedlem Anne Skogen. Føre: styremedlem Kari Hidle. Foto: Silje Talgø Klakegg

Øyposten sin utsende kom til Eldresenteret på Aubø ein halvtime før basaren skulle starte. Då hadde allereie folk begynt å kome. Inne sit kapasitetsdamene og sel lodd så blekket sprutar.

Då klokka var kvart på seks, tenkte journalisten at basaren her måtte vere berre for dei eldre, men så begynte barnefamiliane å kome.

Den kalde trekken frå døra kvar gong nokon opnar ho blir gjort om til varme i det folk kjem inn. Her kjem folk som er på hyttetur eller båttur, eller som vaks opp på Sjernarøy og er heime hjå mor og far i påska.

Lokala er i gang med å fyllast opp av godt naboskap. Foto: Silje Talgø Klakegg

Fleire stolar

Snart var lokalet fullt, fleire stolar måtte hentast fram og gjennomsnittsalderen på dei deltakande blei trekt langt ned med dei siste som kom. Rundt 60 menneske kom til basaren.

– Det har vel aldri vore så mange ungar på påskebasaren som i år, seier Benny til Øyposten.

Det velkjende drøset spreier seg rundt i rommet medan det smått mørknar på utsida.

Øypostenungane Hedda Karin og Live Victoria fekk bli med mamma på jobb. Lodd kjøpte dei også, og ein premie blei det på dei. Foto: Silje Talgø Klakegg

Færre medlem

Benny Helgeland ønskjer velkomen til basar, og spør samstundes kvifor medlemstalet i Sanitetsforeininga stupar. For hundre år sidan var det over hundre medlem. I dag er det knappe seksten, og dei fleste er litt oppi åra.

Eit tydeleg hint til alle som liker å gi noko tilbake til samfunnet. Meld deg inn.

Etter loddsalet blir det kaker og kaffi, saft til dei som ikkje er heilt vaksne, og Benny byr på stand-up-show som underhaldning. Det var gøy. Ikkje alle klarer å få denne journalisten til å le, men ho klarte det. Mannen hennar, Harald, spelte trekkspel, og så var det tid for å trekkje lodda.

Vinnarlukka var ikkje til stades hjå journalisten i dag. Men mange andre vinn fine premiar, nokon til og med mange premiar.

Benny Helgeland fortel om året som gjekk. Foto: Silje Talgø Klakegg

Godt tal

Det var kome inn 19.900 kronar til drifta, og dette var eit godt tal, meiner leiar av Sjernarøy Sanitetsforeining, Benny Helgeland.

– Eg vil spesielt takke Liv Eldbjørg Norheim og Rannveig Øvrebø for god hjelp på basaren. Dei er ikkje i styret, men stiller opp når me treng dei, seier ho.

Øyposten takkar Benny Helgeland for invitasjonen til påskebasaren. Eg hadde ein kjempefin kveld.

Mange premiar skulle delast ut. Foto: Silje Talgø Klakegg