Ukrainske elevar tykkjer skulen er det beste med Finnøy
Krigen rasar framleis i heimlandet, men på Sentralskulen får dei andre ting å tenka på.
- Oddbjørg Måland
To grupper med framandspråklege elevar, dei aller fleste er frå Ukraina, er allereie godt integrerte i klassane sine på Sentralskulen.
Smileboka
Spesialpedagog Ausra Lastauskaite frå Litauen gir elevane ekstraundervisning i norsk. Med god hjelp av Smileboka, som ho har utarbeida sjølv, får elavene stadig større ordforråd og forståing for norsk språk og kultur. Og når dagens oppgåve er utført, uansett kva den består i, vankar det eit klistremerke som bevis på at oppgåva er fullført.
Då Øyposten er innom skulen fredag formiddag er den største gruppa, med elevar frå 5. til 10 klasse, i gang med å læra om temaet leselyst, og ting som høyrer med, slik som bøker, eventyr, forlag, ulike sjangrar og liknande.
– Korleis er det med norsk leselyst?
– Vanskeleg, men det er lettare å forstå norsk, enn å lesa og skria, det er alle einige i.
Ausra Lastauskaite har god kjemi med både med elevane og foreldra deira. På facebook har dei si eiga gruppe kor dei held kontakt med kvarandre, deler nyttig informasjon, samt bilete frå skulekvardagen.
– Me er som ein stor familie, seier ho.
Dei fleste av elevane byrja på skulen rundt oppstarten i haust. Det betyr at dei har hatt fleire månadars norskopplæring, og kan føra ein enkel samtale.
Alle har vener
– Når kommunikasjonen stoppar opp på grunn av mangel på ord, forsøker me å komma rundt problemet med å bruka kroppsspråk og forsøker finna andre ord, heller enn å ty til eit engelsk ord. Elevane lærer mykje meir av det.
Elevane fortel at dei har norske vener og er med på forskjellige fritidsaktivitetar.
– Det er den beste måtenå læra språket på seier Marcel frå Polen, den einaste i gruppa som ikkje er frå Ukraina.
– Veit du at Marcel vil opna restaurant når han blir vaksen, på Finnøy, smiler Ausra.
– Eg kan hjelpa deg Marcel, seier ho.
– Skal du servera polsk eller norsk mat?
– Begge deler, men heilt sikkert blir det pannekaker på menyen, forsikrar han.
Ei av jentene har litt andre planar. Ho vil så gjerne møta kronprins Haakon Magnus.
Det byrja etter at Ausra fortalde om kronprinsen i undervisningssamanheng.
– Eg tykkjer han ser så kul ut , smiler jenta som ikkje ønskjer namnet sitt i avisa.
– Det er berre å jobba på. Når me har kome litt vidare med språket, og kan litt meir norsk, inviterer me han han til Finnøy. Blir ikkje det kjekt, eller, ler Ausra.
Skulen er best
På spørsmål om kva elevane tykkjer er det beste med å bu på Finnøy, er dei einige nok ein gong. Skulen. Klassen og naturen, i den rekkefølgja. Alle fortel at dei trivast og har det bra på Finnøy.
– Det er veldig godt å vita ,for det er det beste utgangspunktet for læring, smiler spesialpedagog Ausra Lastauskaite.