Green Mountain sitt datasenter ligg inne i Hodnefjellet på Rennesøy. Foto: Arkiv

I 2021 blei Green Mountain kjøpt av israelske Azrieli Group for 7,6 milliardar kroner.

Green Mountain leiger fjellhallane i Hodnefjellet på Rennesøy, og tener på dette 2,4 millionar kronar i året.

Borgé seier i eit spørsmål stilt i bystyret måndag: «I ein tid kor Israel driv ei brutal nedslakting av titusener av sivile i Gaza, er det uhaldbart at Stavanger kommune i praksis subsidierer selskap som bidrar til den folkerettsstridige okkupasjonen av Palestina. Det er heller ikkje akseptabelt at leigeinntekter frå selskap som bidrar til Israels overgrep mot palestinerne skal finne vegen inn i Stavangers kommunekasse. Endeleg er det grunn til å spørje seg om norske data som lagres hos Green Mountain er trygge sett i lys av samrøret mellom israelsk næringsliv og israelsk etterretning».

Ho spør: « Vil ordføraren ta initiativ til å si opp leigeavtalen Green Mountain har med Stavanger kommune i Hodnefjellet på Rennesøy, ettersom eigaren Azrieli Group også eig fleire selskap som driver verksemd på okkupert palestinsk jord?»

– Avtalen kan berre seiast opp av leigetakar, og leigetakar har også forkjøpsrett på området, svarer ordførar Sissel Knutsen Hegdal. Ho fortel vidare at avtalen gjeld fram til 2079, og at kommunen er juridisk forplikta til å halde avtalen. Leigekontrakten heng igjen sidan gamle Rennesøy kommune.

– Det er ingen klausular i avtalen som gjer at me kan seie opp avtalen, seier ordføraren vidare:

– Me er blitt kontakta av Green Mountain som fortel at Azrieli Group ikkje har eigedelar eller eigedom i okkuperte område.

– Dette er ikkje berre eit spørsmål om boikott, etikk og moral, men me er bekymra for sikkerheita, seier Borgé:

– Det er mykje viktig data lagra i senteret. Ein risikovurdering knytt til infrastrukturen her burde prioriterast.

– Desse momenta er ikkje nok til å at me kan gå frå avtala. Den er juridisk bindande, avsluttar Knutsen Hegdal, og legg til at ho ikkje er negativ til å la juridisk avdeling sjå på dette med sikkerheita.