Vil utvide men manglar assistentar
Leiar av fritidsklubben på Judaberg, Santiago D. Arellano, har planar om å halde opent ein dag i veka for 5. – 7.-klassingar.
– Problemet er at me manglar assistentar. Eg kan ikkje utvide før me har tilsett et par assistentar, seier Arellano til Øyposten då me møtte han i fritidsklubben Attpåklatt sine lokale fredag ettermiddag.
Han fortel at dei har søkt lenge etter assistentar, men at dei ikkje har fått nokon eigna søkarar.
Fritidsklubben held open for ungdomsskuleelevar to dagar i veka, men planen er at dei skal auke med ein dag for dei yngre ungdommane i tillegg.
Avhengig av tilsette
– Dagens tilbod er også usikkert om me kan halde på dersom me ikkje finn eigna tilsette snart. Eg har klart å halde opent ved å få hjelp av frivillige, men dette er ikkje nok til å oppretthalde eit berekraftig tilbod, seier han.
Arellano påpeiker at dette er ein viktig stad for ungdommane.
– Her har dei ein stad å samlast på fritida. Dei får nytta kreativiteten sin og drive med det dei har lyst til. Me har kjøkken der dei kan bake eller lage mat, gamingrom, eige rom for kunst- og handverksaktivitetar og filmrom. Etter kvart har me som mål å kanskje starte ei ungdomsavis eller ein podkast. Det er ungdommane sjølv som bestemmer kva innhaldet i fritidsklubben skal vere.
Eige ungdomsstyre
Ein del av ungdomsstyret er til stades på fritidsklubben då Øyposten vitjar dei. Ein gjeng er i gang med å rydde på kunst- og handverksrommet. På skjermen i TV-stova snurrar Super Mario-filmen og ungdommane ensar knapt at journalisten kjem inn i rommet. Stemninga er avslappa, og gjengen kviknar til når dei ser at det er besøk.
Ida Lovise Helgøy Hetland og Julie Puntervold er einige om at klubben er ein viktig plass for ungdommane.
– Me håper at nokon vil arbeidde i klubben sånn at me framleis kan behalde han, seier dei til Øyposten. Ida Lovise kunne sjølv tenke seg å jobbe her, men ho er ikkje gammal nok enno.
– Her har me det kjekt med venene våre, og det er også ein plass å bli kjent med dei som me ikkje kjenner så godt frå før, seier dei.
Mål om sjølvdrift
Hausten er pakka med planlagde arrangement for ungdomsklubben. Arellano vonar at dei snart får på plass dei siste tilsette, så drifta vil bli berekraftig.
– Målet er at ungdomsklubben skal styrast av ungdommen sjølv, men det er viktig at det er trygge vaksne til stades. Kommunen har innvilga pengar til dette, så alt ligg til rette for god drift når berre me får tilsette på plass, seier han.