Torsdag vedtok formannskapet i Stavanger å starte eit bybonde-prosjekt som ei prøveordning i to år. Prosjektet krev halvtanna årsverk, står det i vedtaket.

– Senterpartiet har vore ein pådrivar for dette, seier varaordførar Dagny Sunnanå Hausken:

– Folk som bur i byen har fjerna seg frå korleis produsere mat, men òg i byen finst det muligheiter. At folk i byen lærer å dyrke mat vil både auke forståinga for landbruk og styrke matvaresikkerheiten.

Planen er at kommunen tilset ein bybonde eller to som kan drive opplæring av folk som stellar med skulehagar, nabolagshagar og slikt. I tillegg skal det lagast ei støtteordning for dyrkingskasser, birøkt og hønsehald i urbant format.

I Stavanger er det allereie i gong fleire spennande opplegg som omfattar urbant landbruk, blant anna Stavanger Urban Folkehøgskole og Ullandhaug økologiske gård.

Pengar til bybonde-ordninga må bakast inn i handlings- og økonomiplanen som kommunestyret vedtek nærare jul, går det fram av torsdagens vedtak i formannskapet.