Valkvelden direkte

  • Festet innlegg

    Borgarleg fleirtal

    12. september 08:13
    Sigbjørn Høidalen
    Mandatfordeling i Stavanger kommunestyre etter at 100 prosent av stemmene er tald opp. Foto: Valgresultat.no

    Etter at nær 100 prosent av stemmene er tald opp er det klart at det blir maktskifte i Stavanger. Dei fem partia som i opposisjon har samarbeidd om budsjettforslag; H, Frp, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet, er inne med 34 mandat, som sikrar akkurat fleirtal.

    I løpet av natta gjekk Venstre fram frå to til tre mandat, medan Senterpartiet gjekk tilbake frå to til eitt, viser tala frå valgresultat.no.

    – Eg gledar meg til å komme i gang med politikken og bli ferdig med forhandlingane, sa sannsynleg ny ordførar Sissel Knutsen Hegdal i Høgre til NRK tysdag morgon.

Siste innlegg
Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!
  • Sigbjørn Høidalen
    12. september10:48

    Før seint inkomne stemmer blir tald opp tysdag etter klokka 17.00, er det Venstre som er mest utsett for å miste eitt mandat til Arbeidarpartiet. Etter det Øyposten skjønar står det om kring 25 stemmer for å vippe det eine mandatet over til sosialistisk side.

    Viss så skjer vil Industri- og Næringspartiet (INP) komme i vippeposisjon. INP har sagt at dei vil bruke dagen i dag på å bestemme seg for kven ordførar dei vil støtte.

    Til saman kring 1079 stemmer, stemmer for Stavanger avgitt i andre kommunar, skal teljast opp etter klokka 17.00 i dag.

  • Sigbjørn Høidalen
    12. september09:22

    Senterpartiet, som har vore det mest tydelege «øypartiet» siste fire år, går tilbake frå tre til eitt mandat. Ei trøyst for Birger Hetland, leiar i Finnøy kommunedelsutvalg, er at han gjorde det knallsterkt på heimstaden Sjernarøyane. I valkretsen Sjernarøy fekk Senterpartiet 76 stemmer som utgjer 58,5 prosent.

    Ei mager trøyst for Senterpartiet er òg at Miljøpartiet De Grønne og Folkets Parti gikk meir tilbake. Folkets Parti (tidlegare Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger) som i 2019 fekk 9,2 prosent av stemmene i Stavanger, fekk nå 0,4 prosent.

  • Sigbjørn Høidalen
    12. september08:42

    Alle stemmesedlar blir nå skanna for å finne talet på personstemmer, som avgjer kven personar som får plass i det nye kommunestyret. Resultatet frå dette er venta i 18-19-tida i kveld, opplyser valsekretær Linda Vestersjø til Øyposten.

  • Sigbjørn Høidalen
    12. september08:38

    Ennå gjenstår anslagsvis 1079 seint innkomne stemmer (stemmer for Stavanger avgitt i andre kommunar), som blir tald opp etter klokka 17 i dag, opplyser valsekretær Linda Vestersjø. Om dette kan endre på mandatfordelinga er uvisst.

  • Sigbjørn Høidalen
    12. september00:02

    I det me passerer midnatt, og 69 prosent av stemmene i Stavanger er tald opp, tek Øyposten kvelden.

    Henrik Halleland i KrF tek ikkje telefonen og er sannsynlegvis i forhandlingar. Industri- og Næringspartiet (INP) er i sonderingar med både høgre- og venstresida, melder Stavanger Aftenblad. Ingenting blir avgjort i natt, seier INP, som er på vippen.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september23:27
    Prognose litt over klokka 23 når 69 prosent av stemmene er tald opp. Foto: Valgresultat.no

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september23:27

    Arbeiderpartiet forbi Høgre – kan likevel bli maktskifte

    Ny prognose litt over klokka 23, når 69 prosent av stemmene er tald opp, viser at Arbeiderpartiet har gått forbi Høgre i oppslutning. I skrivande stund skiller det fattige 50 stemmer mellom dei to.

    Dagens fleirtalsparti er inne med til saman 32 mandat, der 34 er nødvendig for å få fleirtal.

    Dagens opposisjon, inkludert Pensjonistpartiet, er inne med til samen 33 mandat. Dei to siste mandata tilhøyrer nykomar Industri- og Næringspartiet.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september22:39

    – Me jublar for foreløpig to inne og trur ennå på nummer tre, skriv Birger Hetland (Sp) i ei melding frå Senterpartiets valvake.

    Finnøybu Hetland er ein av tre kandidatar med stemmetillegg på Senterpartiets liste. Ordførarkandidat for partiet er Dagny Sunnanå Hausken frå Rennesøy.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september22:37
    Ny prognose litt over klokka 22. Foto: Valgresultat.no

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september22:35

    Senterpartiet inne med to mandat

    Ny prognose litt over klokka 22 viser at Senterpartiet er inne med 2 mandat, medan Høgre er inne med 22.

    Det betyr at dagens fleirtal har til saman 31 mandat medan dei fem borgarlege opposisjonspartia (H, Frp, KrF, V og PP) til saman har 34.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september22:26
    Frå KrFs valvake der me kjenner att f.v. Jostein Eiane frå Rennesøy, Henrik Halleland frå Finnøy og Ingrid Eiane Setvik frå Finnøy. Jostein og Ingrid er søsken. Foto: KrF

    Kristeleg Folkeparti, som har 43 prosent av kandidatane sine på vallista frå øyane, går svakt tilbake, men ligg an til å behalde dagens tre mandat i kommunestyret. Toppkandidat Henrik Halleland får ei viktig rolle i forhandlingar utover kvelden og natta.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september21:59
    Tor Bernhard Harestad frå Frps valvake i Stavanger. Foto: Kristin Lode/Frp

    – Eg er takknemleg for resultatet så langt og håpar det òg går vår veg vidare i kveld, sier Tor Bernhard Harestad i ein kommentar frå Frps valvake.

    Som det ser ut er Frp inne med seks mandat i kommunestyret. Harestad er ein av sju med stemmetillegg på lista, så han har gode sjanser.

    – Uansett har me drive valkamp over heile Stavanger og stått på alt me har klart, seier Harestad litt før klokka 22 måndag kveld.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september21:50

    Viss Arbeidarpartiet tar eit mandat frå Høgre i innspurten kan dei uavhengige småpartia Industri- og Næringspartiet og Pensjonistpartiet komme på vippen.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september21:46
    Frå Senterpartiets valvake der stemninga er god. Meiningsmålingane sist veke var dystre, men dei ser ut til å berge i alle fall eitt mandat i kommunestyret. Foto: Senterpartiet

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september21:29

    Høgre er det partiet som er nærast til å tape eit mandat, medan Arbeidarpartiet er nærast til å vinne eit mandat, syner opptellinga så langt. Så det blir ein svært spennande kveld for innbyggarane og ikkje minst for partigruppene som sit på diverse valvaker kring i Stavanger.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september21:27

    Folkets Parti, som før heitte Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB), har bare fått 0,4 prosent oppslutning så langt og ser ut til å miste alle sine seks mandat. Nykomar Industri- og Næringspartiet ser ut til å kunne komme inn med to mandat og kan bli ein joker.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september21:13

    Høgre er største parti og går mest fram. Frp og KrF held stillinga. Senterpartiet bergar eitt mandat, men er det partiet som saman med Miljøpartiet De Grønne og Folkets Parti går mest tilbake.

    Resultatet frå førehandsstemmene blir vist berre for heile kommunen, ikkje splitta opp på valkretsar.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september21:06

    Førehandsstemmene viser borgarleg fleirtal

    Resultatet frå førehandsstemmene i Stavanger som anslagvis utgjer halvparten av alle avgitte stemmer. Foto: Valgresultat.no

    Resultatet frå førehandsstemmene viser knapt fleirtal for den borgarleg konstellasjonen Høgre, Framstegspartiet, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet. Dei fire partia får inn til saman 35 mandat, som det ser ut etter at vel halvparten av alle stemmer er tald opp.

  • Sigbjørn Høidalen
    11. september20:52

    I Stavanger kommune er det 112.857 personar som har stemmerett. Av desse held 6437 til i Finnøy og Rennesøy kommunedelar.