– Det er veldig kjekt å vere tilbake, seier Lindås då Øyposten besøker henne på kontoret tysdag etter påske. Ho har vore tilbake ei stund altså, men lokalavisa ville la henne kome skikkeleg i gang før me sjekka korleis det går.

Det er nokre svære sko ho skal fylle når det kjem til informasjonsflyten, for der var Vignes unik, meiner ho.

– Eg prøver så godt eg kan å halde informasjonsflyten på høgast mogleg nivå, men det blir nok med litt mindre snert og humor enn det vikaren min fekk til. Men de skal få vite kva som skjer, om enn på ein litt mindre morosam måte, legg ho til.

Arrangement i vår

Ho fortel at dei fortsett utover våren med dei vanlege arrangementa. Babytreff på tysdagar og bondekafé på torsdagar.

– På babytreff er det nok best å ha med ein baby, men bondekaféen er open for alle. Det er uformelt og berre å dukke opp, seier Lindås.

Informasjon om arrangementa og nye arrangement som kjem, vil du finne på Facebooksida Innbyggartorget på Finnøy.

– Neste veke er det også tid for «Ut og ete 60+», og då kjem stavangergruppa «Di du vit» for å spele, og det vert middag og dessert frå kafeen på torget. Her er det påmelding til frivilligsentralen, seier ho vidare:

– Samstundes vil eg oppfordre folk til å gå påskequiz-løypa rundt Judaberg. De har ei veke på dykk til å få det gjort, og det er gode vinnarmoglegheiter.

Kontakt med kommunen

Innbyggartorg-koordinatoren kan du få hjelp av viss du lurer på noko som har med kommunen å gjere. Ho er som eit slags kontaktpunkt mellom folk og kommune, og dette kan vere ekstra viktig på Finnøy der det er eit stykke inn til kommunesentrum.

– Du kan også få hjelp til å booke rom eller arbeidsplass på innbyggartorget. Dette kan du gjere på bookingsystemet vårt som heiter «Aktiv kommune», men er du ikkje digital, er det berre å stikke innom for å få hjelp til å booke, legg ho til:

– Rom og arbeidsplass er gratis å låne. Bruken er også allsidig. Me har til dømes dameforeiningar som låner rom hjå oss. Elles er det ein del som låner arbeidsplassar for å få litt arbeidsro som dei kanskje ikkje får heime eller for å sleppe å reise til byen på jobb eller skule. Mange lag, organisasjonar og bedrifter nyttar romma til møte og. Har du for eksempel ei venegruppe som pleier å møtas fast eller eit lag som spelar kort eller anna, er det berre å booke eit rom, seier Rita:

– Berre fantasien set grenser – ta gjerne kontakt om de lurer på noko.