Tomatfestival-arrangøren får June Mjølsnes Steinnes ombord
Den nye arrangøren av Tomatfestivalen på Finnøy, Mango, har tilsett June Mjølsnes Steinnes.
FINNØY: June Mjølsnes Steinnes er bonde, driv firmaet Finnøy negler og jobbar på Fåtunet. Den jobben tek ho nå permisjon ifrå, etter at ho er blitt tilsett i Mango som prosjektleiar.
-Det heile var litt tilfeldig, seier June Mjølsnes Steinnes til Øyposten.
-Eg og Even jobbar som badevakter saman på laurdagsbadinga i symjehallen på Finnøy, seier June. Even Isachsen er dagleg leiar i eventfirmaet Mango i Stavanger, men bur på Finnøy.
Godt team
-Då nemnde han at Mango bare har ei kvinne i staben, og at dei skulle gjerne hatt fleire. Mandag ringde han meg og sa: «eg tok deg på ordet». Dermed blei det ein uformell kaffi i firmaet i byen, og pluseleg var eg tilsett, seier June Mjølsnes Steinnes.
Ho har fått ein 65 prosent stilling, begynner 1. februar og skal primært jobba med aktivitetar på Tomatfestivalen.
-Tore, Even og eg blir eit godt team, trur June Mjølsnes Steinnes.
Finnøy-jenta har hatt fleire jern i elden. Mellom anna har ho arrangert bruktmesse i Fleirbrukshallen og er også blitt nominert til «Årets unge bonde».
Ville ikkje heim til USA
Fredag samla Mango sponsorar og støttespelarar på Utsyn på Finnøy, for å presentera seg sjølv om orientera litt om firmaet. Då blei også Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylke Livsgnist, som i 15 år har hatt hand om Tomatfestivalen, takka av med blomster av leiaren i komiteen for festivalen, Arne Bergøy.
Tor Øyvind Skeiseid er glad for at det er nettopp Mango som fører festivalen vidare, og meiner at Tomatfestivalen på Finnøy er blitt kommunedelen si viktigaste merkevare.
Tore Dahl, også frå Mango og Even Isachsen, gledar seg begge til å ta fatt på arbeidet med festivalen. Dei vil også halda fram samarbeidet med Geir Landa frå Finnøy, varslar dei.
Even Isachsen kunne mellom anna fortelja at han hadde leigd ut til ein amerikansk familie i sommar, som fekk oppleva festivalen. Og ungane grein og ville ikkje tilbake til Philadelphia i USA etter at dei hadde vore der, kunne han opplysa.
Nå ser dei fram til å diskutera nye idear for festivalen saman med resten av styret.