Kommudelsutvalet vil ha høgstandard BMX-bane på Fogn

Kommunedelsutvalet i Finnøy la nyleg møtet sitt til den nye dagsturhytta på Fogn. Der kom mellom anna forslag om ein høgstandard BMX-bane på øya opp.

Kommundelsutvalet hadde møte i den nye dagsturhytta på Fogn tysdag i denne veka.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

FOGN: Eit samrøystes kommunedelsutval med leiar Birger Hetland i spissen vedtok på møte å jobba for å etablera ein nasjonal konkurransebane for BMX-sykling på Fogn med tilhøyrande tribuneanlegg.

Innspel frå elevane

Kommundelesutvalet vil be om at vedtaket blir lagt inn arealplanen for 2023 - 2039 som er under utarbeiding no.

- Eg tykte det var ekstra kjekt å kunne sleppa denne gladsaken i møtet på Fogn, seier Hetland som har jobba med i hovudet i lang tid.

Ideen byrja med eit innspel til Grønn plan for to -tre år sidan. Representantar frå kommunen var på Fogn for å orientera om planen og for få innspel frå innbyggarane om ønsker og bruk av areal til friluftsformål.

– Det var i dialogen med elevane ved oppvekstesenteret ideen blei sådd, sidan har eg ikkje klart sleppa tanken. Jo meir eg tenker, jo betre tykkjer eg faktisk ideen er.

– Kvifor Fogn?

– Det er det fleire grunnar til. For det fyrste ønskjer me å stimulera til meir sykling også utanfor bykjernen. Vidare er Fogn geografisk sett midt i kommunen. Det er kort veg fra Fiskepirterminalen i sør til Helgøy i nord. Hurigbåtane frå byen tek kun tida du treng for eta nistepakka og drikka einkopp kaffi. Me er optekne av å kunne reisa kollektivt. Under konkurransar og meisterskap kan folk overnatta på dei mange hotella i sentrum i byen og ta hurtigbåten rett inn. På den måten kan ein slik bane vera med å styrka reiselivstibodet i kommunen. Og sist men ikkje minst har Fogn, ved fleire anledningar, vist engasjement og stor gjennomføringsevne.

Er gjennomførbart

– Kor realistisk er det å få politisk gjennomslag?

– Eg ser ingen grunn til at nokon skal sei nei til dette. Eg har lufta tanken for utvalg for kultur, idrett og samfunnsdialog Bjarne Kvadsheim (Sp) som har gitt tommel opp. No blir fyrste steg er å få dette inn i arealplanen og planen over alle idrettsanlegg kommunen. Før den tid skjer ingenting.

– Pris?

– Det er umogleg å meina noko om på eit så tidleg stadium. Men eg er optimistisk, og trur det let seg gjennomføra, seier leiar i kommunedelsutvalet, Birger Hetland.

Vil du sjå dei andre sakene frå møtet, kan du trykke på lenka under.

https://opengov.360online.com/.../Meetings/Details/2032341