FINNØY: I dag er vert området brukt somslått- ogbeitemark.

Vanvik har tidlegare drive med tomatproduskjon,men la ned i 2018 få år etter butikkjeden ICA som han hadde leveringsavtale med, blei seId.

– Dette er eigentleg berre ei omlegging av gardsdrifta som gir større driftsgrunnlag. Etter fleire år med vurderingar av ulike kulturar landa eg på epler og moreller som ei erstatning for tomatane, forklarer Vanvik.

Til saman skal Vanvik planta rundt 8000 tre. Han har inngått leveringsavtale med Gartnerhallen, og avtale om pakking ved fruktpakkeriet i Årdal.

Morelltrea skal plantast inne i dei gamle drivhusa som ligg langs hovudvegen ved Nordbøvågen.

– Kvifor epler og moreller?

– Begge sortane er kulturar som egnar seg i dette klimaet. I tillegg får me utnytta eksisterande drivhus som ikkje lenger er i bruk. Både epler og moreller er allsidig frukt som kan nyttast i fleire former, fortel Vanvik.

Han skal i hovedsak dyrka fire forskjellige eplesortar, og 6 ulike morellsorter.