Stillehavsøstersen har funne vegen til Ryfylke også
Det er registyrert funn sv stillehavsøsters fleire stader rundt øyane i Finnøy og Rennesøy.S
STAVANGER: Stillehavsøsters er ein uønska framand art i norske farvatn, og det er registrert fleire funn av arten i Ryfylke-området.
Stillehavsøsters kan utgjera ein trussel mot lokale artar som flatøsters og blåskjell. Arten har harde, knivskarpe skjell og tette bestandar kan danna eit stort teppe av skjell.
Nå inviterer Statsforvalteren i Rogaland publikum til å registrera funn av stillehavsøsters, og lokkar med premiar til alle som deltek.
Stillehavsøstersen er førebels ikkje like utbreidd i Rogaland som på Skagerakkysten og i Oslofjorden, men med det milde klimaet i Rogaland kan dette endrast ganske kjapt.
Registreringa har pågått i fem år, og i år ynskjer Statsforvalteren også registeringar av kor det ikkje er funne stillehavsøsters.
Registreringa kan gjerast på Statsforvalteren si heimeside.