Slutt på eigendel for tryggleiksalarm

Den månadlege eigenandelen for tryggleiksalarm vart fjerna 1. juli. No kostar det berre 400 kroner i etableringsgebyr.

Tryggleisalarm er eit godt hjelpemiddel for eldre som bur åleine.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Kommunestyret vedtok 20. juni å fjerna eigendelen for tryggleiksalarm.

Tidlegare har det kosta mellom 215 og 674 kroner i månaden, alt etter inntekta til den som har tryggleiksalarmen. No er altså månadskostnaden fjerna, og det er samtidig innført eit etableringsgebyr på 400 kroner.

– Eg er glad for at dette tilbodet no har blitt gratis. Så lenge intensjjonen er at dei eldre skal bu lengst mogleg heime, tykkjer eg dette er heilt på sin plass, seier avdelingsleiar på sjukeheimen på Finnøy, Bente Nordvik.

Dei som allereie har gratis tryggleiksalarm, blant anna innbyggjarar med inntekt under 2G (212 798 kroner), vil ikkje bli påverka av endringa.

Rundt 2000 personar i kommunen har tryggleiksalarm.

Den siste fakturaen blei sent i juni og er den siste før eigendelen opphøyrer.