TALGJE:

20 unge ukrainske menn og kvinner blei invitert til barnehagen i går tysdag, for å visa at dei ikkje står åleine. Som eit bevis på det fekk dei kvart sitt venskapsarmband som borna hadde laga sjølve. Vakre armband av blå og gule perler, som fargane i flaget deira. Det var ikkje fritt for at det rann ei og anna tåre i det dei tok på seg dei nyerverva armbanda.,

Rørande

Men dei fekk andre ting og. Tre fine songar om venskap som dei framførte til stor glede for gjestene.

– Songane har me øva mykje på, fortel avdelingsleiar Tone Vignes Holen. Og det var råd å høyra. Dei sto som tente lys og song med innleving.

Venskap er temaet for årets barnehagedag, og passa såleis svært godt på ein dag som denne.

- Det er ei tøft tid no, men å oppleva det me gjer akkurat no, hjelper godt. Det er rørande å sjå kva borna har gjort for oss.

- Du skal bruka armbandet?

- Klart eg skal, det betyr mykje for meg, seier Oleksandr Terokhin.

Etterpå blei det servering av heimelaga lapskaus samt kaffi og kaker.

Knallhard tid

Det er ikkje så enkelt å forstå alt dette med krig, og vesle Frida Ullenes (4) har si eiga forståing av det som skjer i Ukraina.

- Me har laga armband til dei fordi det er så stygt vêr i Ukraina.

- Det var eigentleg Nils Petter sin idè dette, men den var jo så god at me heiv oss på. Dette er ein ypparleg anledning til å læra borna gode haldningar; at me må ta vare på dei rundt oss, seier Vignes Holen.

Edle Skavland, som driv Skavland gartneri saman med ektemannen Håvard, er imponert av dei ukrainske arbeidarane.

- Det er knalltøft for dei no, likevel stiller dei på jobb kvar einaste dag. Heldigvis har alle ei kone eller ein ektemann eller kjærast, slik at ingen av dei opplever å bli gåande åleine. Krigen kan me diverre ikkje gjera noko med, men me kan stilla opp og vera gode medmenneske, fortel Skavland.

Son heime i Ukraina

Ekteparet Liudmyla og Vadym Shevchenko har ein son på åtte år heime i Ukraina som bur med familien 10 mil unna Kiyv.

- Det er sterkt å sjå borna her og tankane går sjølvsagt rett til sonen vår. På same tida er det fint å sjå ei normal verd, og sjå at desse borna har det godt og er glade, seier Liumyla, som ser på armbandet sitt og smiler.

- Eg skal ta godt vare på det.