Utsyn tek rekninga for flyktningane

Debatten har gått heftig i sosiale medium etter at det blei klart at kommunen ikkje ville ta rekninga for flyktningane som kom til Utsyn 15.mars.

  • Oddbjørg Måland
Publisert:
Fire dagar på Utsyn er over. Flyktningane skal vidare ut i kommunane. Foto: Privat|Kor det er hjarterom er det husrom. Sissel Marie Bjerga i midten med ei lita jente i kvar arm. Foto: Privat

FINNØY:

Det var til saman 20 personar som kom med Ingvars Reiser frå Krakow i Polen. Tre små jenter, seks tenåringar, fleire mødre, ein far, ei bestemor og fleire einslige damer. Ingen, bortsett frå familien, kjende kvarandre før dei blei plassert i same buss.,

Politisk sak

Saka rundt kostnadane i forbindelse med flyktningane har vore oppe både i kommunalutvalet og kommunestyret, og blitt nedstemt begge stader. Det er UDI som har det økonomiske ansvaret for flyktningane før dei er busette i kommunane. Flyktningar som kjem privat er ikkje kommunen sitt ansvar før dei er registrerte hjå politiet.

- Me spelte tidleg i mars inn til kommunen at me kunne ta akutt innkvartering dersom det blei behov, men fekk aldri respons på dette. Det er utfordrande å fylgja med på all informasjon frå UDI og IMDi, i alle fall når flyktningane står på døra. Det var sjølvsagt ikkje aktuelt å sei nei, så lenge me hadde ledige rom. Flyktningane hadde komme seg til togstasjonen i Krakow med berre nokre få eigedeler. Der la dei liva sine i andre sine hender, seier Sissel Marie Bjerga, dagleg leiar på Utsyn Misjonssenter. Ho held fram:

UDI var informert om at flyktningane kom til Norge. Dei blei tekne i mot på kaia i Oslo som bad dei køyra vestover fordi det var mange timars venting på Råde. Samtidig sa regjeringa at det skulle opnast for regionale mottak dagen etter. Ingvars Reiser kontakta fleire kommunar undervegs, men det var ingen som kunne husa dei, og dei blei bedne om å køyra tilbake til Råde. Det gjorde dei ikkje. I staden kontakta dei Utsyn, og her enda turen.

Enorm støtte

,-

Kva tenker du om at Utsyn nå sitt igjen med rekninga?

- Eg forstår at dette blei eit dilemma for kommunen, og har ikkje behov for å laga ei sak. Me gjorde berre det som alle andre også ville ha gjort i same situasjon. Ingvar Landa (Ingvars Reiser) forventa verken at Utsyn eller det offentlege skulle dekka kostnadane. Der og då tenkte heller ikkje me på anna enn å få gi dei senger og mat. Busselskapet har allereie dekka kost og losji det første døgnet av innsamla midlar i forbindelse med transporten. Så det er viktig for oss at bilete som har danna seg i nyheiter og sosiale medium vert rett. Me var tydelege på at flyktningane måtte vidare til mottaka så fort som råd, og det var myndigheitene informert om. På Utsyn kunne dei vera maks ei veke dersom det ikkje var plass nokon annan stad. Dei bli henta fire dagar seinare.

,-

Kva hjelp fekk dykk i prosessen?

-Enorm. Folk hjelpte til med alt me spurde om; toalettsaker, klede, innesko, leiker, koffertar. Nokon hjelpte oss med praktiske ting og sosiale oppgåver; steikte lappar, serverte is, spelte kortspel, leika med ungane, tok dei med på kafè, var reisefylgje på båturen med Helgøy Skyssbåt, delte garn og strikkepinnar, planta blomar.

Det var rørande å oppleva det som skjedde desse dagane. Det takkar me varmt for.

Ei velsigning

,- Det er lett å forstå at kommunen vegrar seg for å ta kostnadar rundt dette så lenge UDI er økonomisk ansvarleg. Samtidig skulle me ønskja at me slapp å koma mellom kommunen og UDI på denne måten. Men det er viktig for oss å sei at Utsyn knekk på ingen måte ryggen av å gi husrom og mat til 20 flyktningar i tre døgn. For oss, og meg personleg, har det vore ei velsigning å bli kjent med dei. Me er fleire som forsøker å halde kontakt med alle som budde hjå oss. Etter at dei reiste frå Utsyn, var dei 12 dagar på hotell Sverre i Sandnes. No er dei fleste på asylmottak i Hå, og nokon har flytta til hotellet i Stavanger. Det var utruleg sterkt då ei av mødrene sa; «- du er blitt som familie for oss no». Det ansvaret kjenner eg på, avsluttar Sissel Marie Bjerga.