|I syfabrikken til Bjarne Rekdal sydde kvinnene frå Mosterøy både bukser og nikkersar. Her er ei av sydamene i full sving med symaskina, med ein gjeng «forventenperar» i bakgrunnen.||Sydamene på fabrikken på Mosterøy som nekta å jobba då betalinga blei for dårleg. |Frå Vodla-kaien på Mosterøy, den gong mjølkebåten var ventande.

FJØLØY:

I den slitne, kvitmåla bygningen ved sida av brua mellom Mosterøy og Klosterøy, heldt i si tid Rekdals konfeksjonsfabrikk til.,

Rekdal sjølv var romsdaling. frå Vestnes, som den gong var eit senter for konfeksjonsindustrien i landet. Etter krigen, då landet trong alt, var det syfabrikkar og «sydamer» nærast i kvar ein fjordarm.

Bukser og nikkersar

«Fabrikken» på Mosterøy blei også etablert rett etter krigen, i andre etasje i det som ein gong hadde vore eit sjøhus, og stått i Stavanger. Bjarne Rekdal budde også der,  i eine enden av bygget saman med familien, ut mot kanalen. I resten av lokalet var det syfabrikk, og før det hadde Ingolf Finnesand brukt lokalet til å laga møbler.

I syfabrikken til Bjarne Rekdal sydde kvinnene frå Mosterøy både bukser og nikkersar. Her er ei av sydamene i full sving med symaskina, med ein gjeng «forventenperar» i bakgrunnen. Foto: FOTO: Privat

Her blei det sydd bukser og nikkersar i alle fasongar som blei levert på Vodla-kaien og sendt med rutebåten «Øybuen» til byen, og utsalg der.

Blant dei 5-6 kvinnene frå øya som jobba der, var Marit Njå, som i dag bur saman med mannen Ola på Fjøløy. Den gong var ho knapt 16 år, heitte Haugvaldstad til etternavn, og sykla på jobb kvar dag, seks dagar i veka.

Bakpå motorsykkelen

-Men laurdag jobba me bare fram til 12, då var det nok,  seier den humørfyllte 84-åringen til Øyposten.

Sydamene på fabrikken på Mosterøy som nekta å jobba då betalinga blei for dårleg. Foto: FOTO: Privat

Viss været var dårleg, fekk ho som regel skyss av bror hennar bak på motorsykkelen hans. Seinare flytta ho «rett opp i bakken» frå fabrikken, til Tominehaugen. Tomine Finnesand jobba også på fabrikken, leigde ut rom i huset sitt, og hadde oppgåva å sy knappar i gylfen på herrebuksene.

Det var bare ei av kvinnene som var utlært skreddar, ho sydde knapphola, og lærte også opp dei andre kvinnene i syfaget.

-Var Rekdal ein grei mann å jobba for?

Gjekk til streik

-Ja, då han var grei nok. Men ein dag blei me eninge om at han betalte oss for dårleg, og då gjekk me til streik, humrar Marit Njå.

Det var ikkje snakk om organisering, fagforening eller stå på krava. Kvinnene blei rett og slett lei av å vera underbetalt, og nekta å gå på jobb.

-Etter to dagar kom han og tilbydde oss litt meir i lønn, og då gjekk me tilbake på jobb igjen,  minnest Marit Njå.

-Nesten som i Fredriksson fabrikk, skyt mannen Ola inn, og referer til tv-serien som gjekk på NRK for nokre år sidan.

Sydamene på fabrikken på Mosterøy som nekta å jobba då betalinga blei for dårleg. Foto: FOTO: Privat

Arbeidet var akkord, og lønna var to kroner og 80 øre for ein nikkers, og fire kroner og 60 øre for ei herrebukse. Var dei raske kunne dei kanskje rekka å sy fire herrebukser om dagen, men uansett jobba kvinnene på Mosterøy for ei luselønn.

På feil båt i London

Seinare flytta Rekdal til Tasta, før han vende nasen heim igjen. Marit Njå heldt fram med å sy heime på Mosterøy, og også etter at ho gifta seg med Ola Njå og flytta til garden på Fjøløy.

-Eg sydde i samfulle 20 år, og prøvde meg til og med som syerske i Sverige, seier ho.

Frå Vodla-kaien på Mosterøy, den gong mjølkebåten var ventande. Foto: FOTO: Privat

Nå er jobben som syerske for lengst lagt på hylla. Ho og mannen har også gitt frå seg garden og blitt pensjonistar og har reist verda rundt. Einaste staden dei ikkje har vore er i Sør-Afrika, kor bestefar til Ola Njå jobba som snekkar før han kjøpte nesten heile Fjøløya i 1916 av Eilert Schanche.

-Han hadde visst teke eit glas for mykje, og gjekk på feil båt. Dermed enda han i Sør-Afrika i staden for i Amerika, som var planen, flirer barnebarnet Ola frå godstolen.

Men, hadde dei reist dit kunne dei beundra den vakre parlamentsbygningen i Cape Town, som Olai Njå ifølge familiehistoria var med å byggja. Men det er ei anna historie.