Knallbra KOM-prosjekt

På sju dagar laga, øva og framførte 7.klassingane på Sentralskulen eit imoponerande KOM-prosjekt.

Proff premier på årets KOM-prosjekt sist torsdag.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

Trass i begrensa ressursar og avmålt tid blei årets KOM-prosjekt svært godt motatt. Premierekvelden sist torsdag var full til siste benk, og folk me har snakka med er svært begeistra for det dei fekk sjå og høyra.

God hjelp

– Me kan takka Ingveig Reilstad for det. Ho har trekt i alle trådane og gjort ein fabelaktige jobb. Det hadde ikkje blitt den same revyen utan ho. Eg har berre hjelpt til der det trengtes, det er Ingvveig sin forteneste, seier lærar Berit Marie Gaski.

Ingveig er lærarstudent i Oslo, og har brukt feriedagane sine på KOM-prosjektet.

Vinn eller forsvinn handlar om fjernsynsprogrammet Idol som er på audition på Finnøy. I den forbindelse oppstår det eit etisk dilemma som som dei unge talenta må ta stilling til.

Vinn eller Forvinn har vore oppført tidlegare, men i år har elevane skrive litt om på teksten og lagt til nye ting, blant anna ein dans.

Dagen etter, gjennomførte elevane to førestillingar for skuleklasar og barnehagar i kommunedelen.

KOM- prosjektet har eksistert i rundt 15 år, og er eit fellesprosjekt med alle elevane året dei byrjar på ungdomsskulen.