Leiar i Finnøy Bondelag, Erik Haraldseid Bleie.|Guttorm Gudmestad, leiar i Rennesøy bondelag, er kraftig skuffa over Stavanger-politikarane.

FINNØY-RENNESØY:

Regjeringa legg seg på same lina som hjelpepakka til vanlege hushaldningar. Bønder og gartnarar får dekka 55 prosent av straumrekningar i desember som overstig 70 øre kilowatttimen, og 80 prosent av rekninga for januar til og med mars.,

For hushaldningar er det eit tak på 5000 kilowattimar i månaden, mens det for jordbruket er eit tak på 20.000 kilowattimar i månadleg straumforbruk. For gartnerinæringa er det ikkje noko tak.

-Dette er heilt nødvendig, og er eit godt signal til næringa, seier leiaren i Finnøy Bondelag, Erik Haraldseid Bleie til Øyposten.

Finnøy-bonden overtok garden på Berge på Finnøy i 2018, og produserer 290 tonn med mjølk på garden i tillegg til kjøt frå storfe og 35 sauer. Nå har han nettopp fått straumrekninga for desember, og den var på 20.000 kroner med moms for eit forbruk på 7500 kilowatt.

-Det er ei kjærkomen hjelp som regjeringa kjem med, for kostnadane gallopperer ganske voldsomt for tida.  Det er kostnader som me ikkje får ta ut i auka prisar, seier Bleie.

Bekymra for veksthusnæringa

Dei høge straumprisane merkast best for dei som driv med gris og kylling, meiner han, i tillegg til for veksthusnæringa.

-Det er synd at mange der slit tungt for tida. Eg er redd det er dei minste gartneria som nå bakkar ut, og at me difor kan stå igjen med bare nokre få store. Det er ikkje bra. Heldigvis er situasjonen annanleis for mjølkeproduksjonen, i alle fall ser det ut til å vera eit generasjonsskifte på gang her på Finnøy etter at det såg litt mørkt ut eit tid. Men nå verkar det som om me fortsatt skal ha eit godt miljø for mjølkeproduksjon her på øya, seier bondelagsleiaren optimistisk.

Litt mindre vondt

Sjølv om også veksthusnæringa er omfatta av hjelpepakka, er den til lite hjelp for mange av gartnarane. Dei brukar i hovudsak gass til oppvarming, og også gassen har også vore rekorddyr i vinter.

Gartnar Jon Olav Runestad seier at hjelpepakka vil gjera det «litt mindre vondt» å driva gartneriet på Fogn. Han har nettopp investert 3 millionar kroner i ledlys i drivhuset, som vil sluka ein million kilowatt i året.

-Eg senka skuldrane litt då eg høyrde om hjelpepakka, for når kalenderen viser februar kjem straumforbruket mitt til å skyta i været, seier Runestad.

-Viss det blir ein kald vinter i Europa framover, kan straumprisane gå rett i taket, er eg redd. Viss det blir mildvær er det ikkje sikkert me treng så mykje av hjelpepakka, konkluderer han.