Kanskje siste eventyr på fiskebankane i Lofoten
Fredag 25. februar set Tor Bernhard Harestad seg på flyet med kurs for Henningsvær og Lofotfisket. Det blir fjerde sesongen hans, og sannsynlegvis den siste. -Men det har eg sagt før, brummar bamsen frå Bru lunt.
BRU:
Med seg har han eit mannskap på tre, mellom anna den trufaste følgesveinen og pensjonerte sorenskrivaren, Helge Bjørnestad. Dette blir Bjørnestads tredje sesong.,
-Eg begynte som matros, men har nå avansert til båtsmann, forkynner Bjørnestad stolt overfor Øyposten.
Beste medisin
Både han og Harestad gledar seg storveis til turen til Lofoten.
-Det er betre enn den beste medisin, seier Harestad, som slit litt med helsa.
-Det blir antakelig siste sesongen min, eg tolar ikkje dette så godt lenger. Men det har eg også sagt før, seier han.
At det skulle bu ein slik sjøulk i Helge Bjørnestad, som har site bak ein kontorpult i heile sitt liv, hadde Harestad aldri trudd.
-Han er sterk som ein bjørn, skryter fiskaren frå Bru. Det kan koma vel med, for i fjor fekk dei ein rugg på heile 38,5 kilo på garnet. Den var så tung at Bjørnestad ikkje makta å få fangsten ombord, før ei bølge la heile båten over, slik at ripa nærma seg faretrugande havflata.
Sol og snøkvit lofotvegg
Bjørnestad sjølv tykkjer det er ei oppleving av dei sjeldne å få vera med på lofotfisket.
-Det litt av ein gjeng samla, fiskarar der frå fjern og nær. Dessutan er det ei fantastisk oppleving å sjå sola stiga opp over Steigen ved Bodø og badar den snøkvite lofotoveggen i lys. Det er litt av eit skue, seier han, ei aning blank i blikket.
Denne gongen skal mannskapet bu på misjonsbåten «Eliezer», mens Tor Bernhard Harestad søv ombord i båten.
-Eg snorkar for mykje, skjemtar han.
-Eg fattar ikkje han får til å sova der, for der inne i lugaren er det varmt som i ei badstu, seier Bjørnestad.
Kvoten dei skal fiska opp er på 15 tonn, og går det bra kan det vera gjort på tre vekler. Men det kan også ta lenger. Nå ligg 90 garn, flesteparten nye, klar i båten, som skal sendast opp med fraktebåt.
-.Eg håpar i alle fall at vêret blir betre enn i fjor, for då var det elendig. Heldigvis visste dei ikkje heime kor ruskje det var, for då hadde eg vel ikkje fått lov til å reisa utpå, seier Tor Bernhard Harestad.